Reforhandling av samhandlingsavtalane

​Når forhandlingsgruppa har fremma sine syn – og partane saman foreslår revisjonar, blir desse sendt vidare for handtering i besluttande organ i kommunane og i helseføretaket.


Reforhandlingane vil skje i samarbeid mellom partane – og hensikta er å sjå til at dei revisjonar som er naudsynte blir forhandla/nye utforma. Det er sett av to heile dagar til arbeidet, desse er 16. oktober og 7. november.

 


Reforhandling av samhandlingsavtalane
Når forhandlingsgruppa har fremma sine syn – og partane saman foreslår revisjonar, blir desse sendt vidare for handtering i besluttande organ i kommunane og i helseføretaket.

 

Avtalen har vore gjeldande i halvanna år no – og etter kvart trur vi det finns ein del erfaringar med desse. Det er viktig at desse erfaringane kjem fram til forhandlingsgruppa – før vi set oss til bordet for å vurdere revisjonar.

 

Forhandlingsgruppa frå kommunane er:
•Kommuneoverlege Arne Gotteberg, Volda og Ørsta kommune
•Rådmann Olaug Haugen, Tingvoll kommune
•Fung. rådmann Arild Kjersem, Fræna kommune
•Kommuneadvokat Olav Årø, Ålesund kommune

 

Representant frå KS:
•Samhandlingsrådgiver Ann-Sissel Misund Nedberg

 

Forhandlingsgruppa fra helseføretaket:
•Samhandlingssjef  Britt Valderhaug Tyrholm
•Rådgivar Anniken Standal Remseth
•Spesialrådgivar Robert J. Giske

 

Overordna samhandlingsutval  (OUS) er oppdragsgivar for revisjonsarbeidet – og den midlertidige samansette forhandlingsgruppa. Forslag frå forhandlingane sendast difor til  OUS som igjen tar videre ansvar for oversending til helseføretaket/kommunane seinhausten 2013.

 

Robert J. Giske 24.september 2013

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.