
Smittevernrådgivar Unni Skare i samtale med innbyggar om kva som er viktig for henne ved Volda sjukehus
Å bli tatt på alvor, høyre etter når eg snakkar
Selma (3 år)
Denne dagen er ei muligheit for gode samtalar mellom helsepersonell og pasientar og pårørande. Fagpersonar i helsetenesten ved Helse Møre og Romsdal stod på stand ved Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda sjukehus. I tillegg stod ein på stand ved kjøpesenter i Volda. Etter omlag 200 tilbakemeldingar under årets markering er det tydelig at dei fleste pasientar og innbyggarar er opptatt av nokre få viktige områder i møte med helsetenesten:
Det gode møte mellom helsepersonell og pasient
Å bli tatt godt imot, å bli sett, høyrt og få forståing i tillegg til å motta god og trygg behandling.
Informasjon
God informasjon før, undervegs og etter - der pasienten er involvert i beslutningar.
Ventetid
Rask diagnose, kort ventetid på behandling og punktligheit til timeavtalar.
Fysiske forhold og tilgang til tenestene
Tilgang på parkeringsplassar, meir besøkstid, kort reisevei og at det er lett å finne fram.

Rådgjevarane Monica R. Hoem og Rita Overvåg ved Kristiansund sjukehus
Meir om "Kva er viktig for deg-dagen?"
Kva er viktig for deg dagen vert markert på ulike måtar i over 50 land. Initiativet til dagen starta i Noreg gjennom læringsnettverket for «Gode pasientforløp» i regi av KS og Folkehelseinstituttet. På denne dagen vert tilsette i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta oppfordra til å trene på å spørje pasientar og brukarar om "Kva er viktig for deg?" - uavhengig av alder og helsetilstand. Formålet er å flytte fokuset frå "Kva er det som feilar deg?" til "Kva er viktig for deg?" for å sikre brukarmedverknad og fokus på eigenmeistring.
Samval er eit av verktøya helsepersonell kan nytte for å involvere pasienten og sikre brukarmedverknad. Når helsepersonell lykkast i dialogen og gir god informasjon om diagnose, behandling og oppfølging slik at pasienten forstår det, gir det auka pasienttilfredsheit og meistring, auka etterlevelse, betre oppfølging av behandling og redusert risiko for feilbehandling.