Barneblikk familieteam Ålesund

Nytt lågterskeltilbod med familiefokus

Familieteamet i Ålesund har akkurat starta arbeidet sitt. Kven er dei, kva gjer dei og kven kan få hjelp av Familieteamet?

Fra venstre: Nelly Grete Kleiva Snipsøyr og Karine Nossen Aarsund

​Nelly Grete Kleiva Snipsøyr er fagansvarleg og 100% tilsett i Ålesund kommune sitt nye familieteam. Saman med Anne Fet Sortevik, Stine Haltbakk Lahti og Karine Nossen Aarsund som delar ein 50% stillingsressurs frå Helse Møre og Romsdal HF, skal ho arbeide i det nye lågterskeltilbodet; Barneblikk Familieteam Ålesund. I denne artikkelen har Nelly og Karine svart på nokre spørsmål som kan vere nyttig å få svar på, både for fagpersonar og målgruppa.

Målgruppa

Målgruppa til familieteamet er gravide og småbarnsfamiliar med utfordringar knytt til psykisk helse og rusmiddelbruk. Det kan vere foreldra sjølv som har eller har hatt desse utfordringane slik at det utgjer ei sårbarheit i deira foreldreskap, eller det kan vere andre i deira nære nettverk med slike utfordringar som påverkar familiesituasjonen og småbarnet sin kvardag. Det er eit lågterskeltilbod som betyr at ein ikkje treng tilvising, familien kan sjølv ta kontakt og det er opp til familien sjølv om dei vil ta imot hjelp og støtte frå teamet.

– Vi skal kunne følgje familiane opp til barnet byrjar på skule, heilt i frå svangerskapet. Utgangspunktet er at kontakta startar mellom svangerskap og til barnet fyller eitt år, fordi ein vil komme inn i ein tidleg fase. Det kan sjølvsagt vere at det er eldre barn i familien også, og heilheitsperspektivet er å hjelpe heile familien, seier Karine Nossen Aarsund. 

Bakgrunn

Familieteamet blei oppretta fordi det var eit tilbod ein såg behovet for. Eit tilbod ein ikkje har hatt før, verken i spesialhelsetenesta eller primærhelsetenesta i Ålesund kommune. Målsettinga er at teamet skal gje eit oppfølgingstilbod, for å hindre at rusbruk eller psykiske vanskar hos foreldre eller andre nære omsorgspersonar blir belastande for foreldrerolla eller barna sin kvardag og utvikling.

Familieperspektivet står sterkt

– Hovudmålet med dette tiltaket er å styrke foreldre i deira oppgåve og foreldrefungering for å trygge at barn får gode utviklingsføresetnader. Men poenget med eit heilheitleg familieperspektiv er at vi er opptekne av at dette óg kan ivaretakast gjennom å hjelpe heile familien og å gje hjelp på ulike livsområder, seier Nelly Snipsøyr.

Nelly fortel vidare at familiane kjem til å trenge ulik hjelp. Det kan vere alt frå å ha nokon å kontakte når ein treng ein prat, men også hjelp med å styrke nettverket i familien og aktivere fleire i familienettverket slik at dei har fleire ressursar å spele på. Nokon kan trenge hjelp til å komme i arbeid for å sikre stabilitet og tryggleik i familien. Det kan også vere at ein forelder får hjelp til å søke behandling for ein spesifikk psykisk vanske eller for eit rusproblem. Alt er hjelp Nelly meiner vil styrke barnet sin situasjon, ho legg til:

– Vi skal vere ein ressurs for desse familiane, med sterk brukarmedverknad, kva måte vi kan vere til hjelp på, skal dei vere med å definere sjølv. Dei skal sjølv seie noko om kva dei føler dei har behov for, og med dialog finn vi ut av korleis vi kan hjelpe kvar enkelt familie.

Tredelt funksjon

Familieteamet har ein tredelt funksjon. Den fyrste delen er direktekontakt mellom familien og teamet, der ein jobbar saman for å få til forandringar og styrke familien. Den andre delen kallar dei for “los-funksjonen”, der ein følgjer opp og hjelp familien med å finne andre hjelpetiltak. Teamet har med andre ord god oversikt over tilbod og tenester som er tilgjengelege, og står klare for å lose familien vidare om det er nødvendig. Den siste funksjonen er retta mot andre tenester. Teamet gir rettleiing, og er ein ressurs og drøftningspartner for alle teneste og instansar som kan møte heile eller delar av familien, det kan vere alt frå BUP til fastlege, barnehage osv.

– Det er viktig å presisere at tilbodet er diagnoseuavhengig. Berre ein kjenner at en strevar med noko som er vanskeleg i forhold til psykisk helse eller rusmiddelbruk, det treng ikkje vera en diagnose eller utredning, seier Karine

Høg samla kompetanse

Dei fire kvinnene som er tilsett i teamet er alle svært kompetente. Med ulike bakgrunnar, erfaringar og spisskompetansar er det inga tvil om at Ålesund kommune sitt nye familieteam vil vere godt rusta til å hjelpe familiar med utfordringar knytt til rusmiddelbruk og psykisk helse. Bakgrunnane varier frå sjukepleiar og sosionom til barnevernspedagog og familieterapaut. Erfaringar har dei frå blant anna barne- og voksenpsykiatri til rusbehandling. Dei ulike spisskompetansane varierer frå familieterapi, pårørendearbeid, gravide rusmisbrukarar og spe- og småbarn.

Tilhaldsstad og kontaktinformasjon

Teamets base er på Moa helsehus, der er dei forankra under Ressursbasen. Utanom det har dei faste tider der dei er til stades på helsestasjonen. Teamet kjem også gjerne heim til folk, om familien ønsker det. For å kunne vere enda meir tilgjengeleg jobbar Nelly ein ettermiddag/kveld i veka.

Familiar kan ringe kontakttelefonen på 477 55 879, Nelly fortel om den vidare gangen slik:

–Vi tilbyr først ein heilt uforpliktande informasjonssamtale der vi treffer kvarandre og får vite meir om kva vi kan tilby og kven vi er. Om familien framleis tenker at dei vil fortsette, brukar vi 3-4 samtalar på å bli kjent og på å finne ut kva vi i teamet skal bidra med.

Vidare vil oppfølginga og kontakta variere frå behov og situasjonar ved den enkelte familie. Kontakta med ein familie vil ikkje bli avslutta sjølv om ein har fått hjelp til det som var utfordrande der og då, teamet kan følgje familien heilt til barnet byrjar på skulen.

– Det kan gå i fasar, ein treng ikkje ta ny kontakt, men dei kan ringe og seie “Hallo, no kunne det ha vore fint med ein prat”, legg Nelly til.

Vidare fortel Karine at alle foreldre strevar meir i nokre periodar enn i andre, og at teamet kan fungere litt som ei krykke, som kan støtte opp når ein har behov. Det kan kanskje vere nok med ein samtale for å snu noko som kjennast utfordrande for foreldra, eller dei kan hjelpe til om familien må ta ein vanskeleg samtale hjå ei anna teneste.

Ikkje ei erstatning for andre tilbod

Familieteamet er klare på at dei ikkje er ei erstatning for andre tilbod i kommunen eller spesialisthelsetenesta, men eit supplement. Dei presiserer at om ein har ei bekymring for eit barns omsorgssituasjon som utløyser meldeplikta, skal ein framleis kontakte barnevernet. Og dersom det vesle barnet har ei helsemessig utfordring er det heller ikkje familieteamet som skal gje behandling, dei kan lose familien til rett tilbod og vere ein drøftningspartnar på vegen til å finne rett hjelp og tilbod.

Nelly er oppteken av at dei ikkje blir sitjande å gjere det same som allereie blir gjort av andre, men at dei skal nå dei familiane som ikkje blir nådd eller får hjelp dekt av andre tiltak.
Karine legg til:

– Eg tenker jo at ei utfordring blir korleis vi skal finne dei som er i målgruppa for Familieteamet, er dette ein familie som vil ha nytte av vår hjelp, eller bør dei få ei anna type oppfølging og hjelp.

Vegen vidare

Det nyoppretta teamet har allereie byrja arbeidet. Nelly starta for fullt i november, og teamet kjem til å vere fulltalege frå 1.februar. Begge gleder seg til vegen vidare og er spent på å byrje å hjelpe familiar. Karine er oppteken av å sjå seg sjølv med eit kritisk blikk, særleg no i startfasen:

– Det er viktig i startfasen at vi kan evaluere og drøfte oss i teamet mellom, korleis fungerer det vi gjer, vi må sjå på oss sjølv med eit kritisk blikk. Det er litt nybrottsarbeid, dette med lågterskel i spesialhelsetenesta. Lågterskel er ein kjent ting men innafor ein ny ramme, det at tilbodet har utgangspunkt i spesialisthelsetenesten, men er forankra i og lagt til kommunane er ein ny modell.