Barneblikk på Det gode liv – heile livet

Kvart år arrangerer Avdeling for samfunnsfag og historie eit seminar med hovudoverskrifta «Det gode liv – heile livet» som del av Forskingsdagane. Seminaret er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Helse Møre og Romsdal og kommunane på Søre-Sunnmøre.

Roar Stokken og Silje Dahl                                                                                                  Foto: Espen Ervik

​I år var fokuset på barndom, ungdom og oppvekst og her var innlegg frå både forskings- og praksisfeltet om utfordringar og nye moglegheiter innan temaet. Psykisk helsevern for barn og unge, barnehabiliteringa og barnevernet presenterte sine tenester, medan forskarar frå Avdeling for samfunnsfag og historie bidrog med ny forsking og nokre visjonar for feltet. Deltakarene fekk også høyre om spennande strategisk planarbeid i den nye kommunen «Stad2020».

Barneblikk

Frå forskargruppa knytt til Barneblikk presenterte Roar Stokken og Silje Louise Dahl kva Barneblikk er og foreløpige funn frå evaluering av Tverrfaglig helsestasjon i Kristiansund. Sentralt i innlegget var fokuset på at samskapinga i Barneblikk er dobbel. Profesjonelle og foreldre samskaper eit oppvekstmiljø som er så godt som råd for barnet, og profesjonelle samskaper dei tenestene som foreldra treng.

Stokken gav bakgrunnen for Barneblikk som er å skape tryggleik og meistring i situasjonen kor foreldre har utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus. Hjelparane skal styrkje og støttar foreldra i rolla som omsorgsgivarar. Når ein lukkast, byggjer ein også foreldra si meistringskjensle og sjølvkjensle. Dette er samskapinga si kjerne: Fleire profesjonar frå fleire organisasjonar jobbar saman om å styrke foreldra.

Tverrfagleg helsestasjon i Kristiansund

Silje Dahl la fram funn frå intervju med brukarar av Tverrfagleg helsestasjon, som viste verdien av gode relasjonar og medmenneskelgheit i møte med personar i vanskelege livssituasjonar. Tverrfagleg helsestasjon har ei lang historie og er i dag ein del av Barneblikk. Forskarane ser på korleis brukarane opplever oppfylginga av tverrfagleg helsestasjon. Dei skal gjere 20 intervju og har til no har gjort ni.

Tverrfaglig helsestasjon i Kristiansund har hatt brukarar med ein brei bakgrunn. Til dømes barn av foreldre med barnevernshistorikk, familiar med psykiske vanskar, familiar med rusproblematikk og barn av flyktningar.

De foreløpige funna peker på at tilbodet vert presentert til foreldra på eit godt tidspunkt, der brukarane sjølve har opplevd at dei er sårbare og ønskjer hjelp til å handtere den nye rolla. Plasseringa tilknytt ordinær helsestasjon er god og dei som til no er intervjua har opplevd gode møte med fagpersonar som fremjar meistring av eigne vanskar og av foreldrerolla. Dette skapar meistringstru hjå foreldra.

Dahl la fram dei førebelse funna slik: Timing, plassering og innhald kan gjere ei potensielt stigmatiserande hjelpeteneste tilgjengeleg og attraktiv. Sentralt er trygge relasjonar til dei profesjonelle gjennom tilgjenge, jamleg kontakt og  positivt fokus. Og resultat er meistringstru og framtidshåp.

Motstandsdyktige barn

Bente Hasle heldt i eit innlegg om det motstandsdyktige barnet kor ho poengterer at ein gjennom risikofokusering er med på å skape eit samfunn som verkar inn på barndommen. Denne innverknaden er ikkje berre positiv. Når vi trur at eit barn kjem til å slite, er det større sjanse for at det kjem til å slite. Det er trass alt mange barn som veks på opplevingar som lett kan forståast som traumatiserande. Om ein tek dette på alvor, må ein ha meir fokus på frisk-faktorar enn risk-faktorar.

Samskaping

Bård Dalen, helse- og omsorgssjef i Sande kommune og leiar for det interkommunale samarbeidet Sjustjerna, peikte på at ein treng samarbeid for å levere gode tenester. Hjelpetenestene syner seg som spesialiserte og fragmenterte, og det vert behov for samordning, samarbeid og samhandling mellom ulike aktørar for at eit godt liv også skal kunne realiserast.

Professor Roar Amdam fokuserte innlegget sitt rundt kor viktig det var å auke handlingskapasiteten som skal til for å meistre livet sine utfordringar. Han påpeikte mekanismar som er med på å skape fragmenterte tenester, som til dømes New Public Management, og foreslo nettverkstenking og samskaping som løysing på utfordringane.