Forskarar om Barneblikk

- Barneblikk bør ta læringsvegen vidare

Å lære frå kvarandre på tvers av prosessgrupper og profesjonar er det viktig å fortsette med i Barneblikksatsinga framover. Det meiner forskarane bak rapporten «Forskarblikk på Barneblikk». 

Silje Louise Dahl                                                                                          Foto:Linnea Vasstrand Nordås

​- Å ha ei lærande tilnærming i en satsing som Barneblikk, er utruleg viktig. Barneblikk har ein fin logikk i måten dei tenker utvikling på, som ein berre må fortsette med, fortel førsteamanuensis Silje Louise Dahl som saman med Roar Stokken står bak rapporten «Forskarblikk på Barneblikk».

Møtepunkt for læring

I rapporten har dei to forskarane sett på dokumentasjon frå dei ulike prosessgruppene i fylket. Samt vore med på erfaringssamlinga dei ulike prosessgruppene frå fylket heldt tidligare i år. På samlinga fekk dei tilsette frå dei ulike prosessgruppene i Barneblikk moglegheit til å dele erfaringar med kvarandre. Forskarane fekk høyre om dei tilsette sine erfaringar og kva utfordringar dei stod overfor. På grunnlag av dette har dei med eit blikk utanfrå vurdert kva situasjon Barneblikk står i i dag og moglegheiter for forbetring.

- Som nokon som ikkje står midt opp i prosessen har vi teke eit steg tilbake og kome med eit blikk utanfrå. Som forskarar har vi ikkje så mange svar på kva ein skal og må gjere i dei ulike kommunane, men vi kan hjelpe til med å samanfatte kvar ein står i dag og peike på ting som kanskje er uklare og som ein bør vurdere å diskutere nærmare i satsinga, uttaler Dahl.

Lære av andre

Barneblikk har fem satsingsområder som forskarane har sett nærmare på; Lågterskel, familieperspektiv, brukarmedverknad, tidleg innsats og tverprofesjonelle tenester.

- Ein av tinga vi ser er at det kan vere lurt å diskutere nærmare kva lågterskel er, og finne ut kva det eigentleg skal innebere, forklarar Silje Louise Dahl.
Ho foreslår at å lære av andre kan vere ein lur måte å forbetre satsinga.

- Vi tenkjer det kan vere lurt å sjå på kva som er gjort andre stader i landet med liknande satsingar. Så kan ein finne ut kva som må til for å kalle noko eit lågterskeltilbod, og korleis ein kan tilpasse det til dei enkelte kommunane og lokale prosessgruppene, fortsetter Dahl.

Bare å fortsette

Ho meiner at lærande tilnærmingsprosesser er viktig for hele satsinga på Barneblikk.

- Eg trur ikkje det finnast ein fasit på akkurat korleis ein skal organisere Barneblikk, eller kva satsinga må innehalde. Men eg trur dei må samanlikne seg med og lære av andre og finne ut av kva som vil fungere best i Møre og Romsdal. Satsinga har ein flott logikk i måten dei tenker utvikling på, som dei berre må fortsette med, avsluttar Silje Louise Dahl.

Her finn du rapporten

Her forteller forskar Silje Louise Dahl om forskarane sin rolle i høve Barneblikk.