Forskarblikk på Barneblikk

No kastar forskarar blikket sitt på Barneblikk. I første omgang handlar det om å følgje prosessen for å kunne gi råd og ta opp utfordringar saman med aktørane i Barneblikk. Seinare skal dei leite etter gode tema å sjå nærare på for å fram meir kunnskap.

Forskarblikk på Barneblikk

​Det er forskargruppa for Tverrprofesjonelt samarbeid (TPS-gruppa) med forskarar frå Høgskulen i Volda og Høgskulen i Molde som har inngått ein avtale med Barneblikk.

Nysgjerrigheita vart vekka

- Barneblikk og måten prosessen er driven på vekte nysgjerrigheita vår fortel Roar Stokken som leier arbeidet. - Det er originalt og dristig slik arbeidet er lagt opp i Møre og Romsdal. Eit så tett samarbeid mellom kommunar og sjukehus både om å utvikle og drifte tilbod i kommunane er det skjeldan ein får høve til å sjå nærare på.

– Ved å kombinere kunnskapane vi har med Barneblikk sin kompetanse, håpar vi å skape kunnskap som kan kome Barneblikk, andre forskarar og studentar til gode, seier Stokken. – I arbeidet vil vi kombinere kunnskap frå helse- og sosialfaga med kunnskapar om organisasjon og leiing. Slik vil vi kunne bidra til auka forståing for kvifor prosessane vert slik dei vert og korleis resultata vert skapt.

Forskarane fokuserer på at det er viktig å forske på korleis dei ulike tilboda når ut til dei som treng ekstra oppfølging og hjelp. - Den tverrfaglege løysninga og familieperspektivet er nytt i ein slik samanheng, og difor er det behov for å sjå om dei tilboda som blir laga treff målgruppa og kvardagen deira, seier Stokken.

Mette Grytten er koordinator i barneblikk og ho meiner at det er svært interessant å sjå på korleis denne måten å jobbe på vil påverke arbeidet og tenkemåten til dei som møter familiane. - På enkelte felt utfordrar Barneblikk den tradisjonelle måten å gi oppfølging på. Det er difor viktig at ein klarar å dokumentere kva som er gode tilbod for familiane og kva som er effektiv bruk av ressursane, men også kva som ikkje er nyttig.

Vidare arbeid

- Hovudutfordringa i prosjektet vert forskingsetiske, fortel Stokken. – Målgruppa for Barneblikk er ei sårbar gruppe, noko som stiller høge krav til oss som forskarar. Vi må skape stor nok tillit til oss som forskarar til at dei deler erfaringane sine og er trygge på at dei vert handtert forsvarleg og respektfullt.

- Vi starta arbeidet gjennom deltaking på erfaringskonferansen i Molde den 25.mai og vil lage ein rapport om status slik den er med vårt blikk, seier Stokken. Erfaringskonferansen gav oss eit godt innblikk i alle deltiltaka i Barneblikk. Så må vi saman med Barneblikk og aktørane finne dei tema ein trur er viktigast å sjå nærare på. Så må vi utvikle ein eller fleire søknadar om finansiell støtte frå ulike partar.

- Vi gler oss til fortsetjinga og ser fram til både å jobbe saman med dei dyktige praktikarane i Barneblikk og til å møte brukarane og høyre deira synspunkt.