God tilgang på spesialkompetanse i Molde

Har du spørsmål kring utviklinga til barnet ditt, kan ein spesialist på området vere til stor hjelp. I Molde er terskelen låg for å få hjelp av fysioterapeutar og ergoterapeutar med spesialutdanning på feltet.

I Molde er terskelen låg for å få hjelp av fysioterapeutar og ergoterapeutar med spesialutdanning på feltet.

​​Kroppsleg ro

Kroppsleg ro er ein føresetnad for den fyrste blikkontakta og samspelet. Ein
barnefysioterapeut kan bidra til at nett den viktige roa kjem på plass, slik at føresette kan
oppnå blikkontakt og eit betre samspel.

Kroppsleg uro

Teikn på kroppsleg uro kan til dømes vere at barnet har mykje strekk i kroppen, berre vil snu
seg til ei side eller at det er veldig urolig. Dette kan gjere at ein ikkje får blikkontakt med
barnet, fortell barnefysioterapeut Reidun Skjelsvik.

Barnefysioterapeut

Ein barnefysioterapeut har spesialkompetanse på kva som kjenneteiknar ei normal utvikling,
og kva markører som kan tyde på at alt ikkje er heilt normalt. Ved tidleg identifisering av
motoriske vanskar kan ein tidleg setje i gong tiltak, som kan minske følgjene.

Barnefysioterapeutar har spesialkompetanse på å skille mellom normalutvikling og patologi.
Motoriske vansker kan ha ei underliggjande årsak som treng vidare utgreiing av lege og andre
fagpersonar. Å skille mellom normalutvikling og patologi er også viktig dersom barnets
føresette har psykiske eller rusrelaterte problem, då kan det vere at barnet har ein
seinutvikling som eit resultat av understimulering og lite samspel med foreldra.

Skjelsvik fortel at dei fleste pasientane kjem til fysioterapeut etter henvisning frå helsesyster,
men at ein som føresatt sjølv kan kontakte ergo- og fysioterapitenesta i Molde på 71 11 10 00.

Tilbodet er gratis for barn under 16 år.