Hjelpa går hand i hand

Tradisjonelt sett får foreldre med rus- eller psykiske problem hjelp til anten sine personlege problem eller foreldreskapet. Hjelpa til dei to områda må gå hand i hand meiner Mette Grytten, koordinator for Barneblikk.

 

​- Tanken med Barneblikk er å tilby støtte til heile familien. Hjelpa skal rettast mot at foreldra sin tilstand skal bli best mogleg slik at dei vert betre i stand til å ta vare på barnet sine behov. Det skal vi gjere ved å setje saman familieteam av forskjellige profesjonar som kan ivareta både barnets og foreldra sine interesser samstundes. Dei som jobbar i teamet bidrar med ulik kompetanse og det er viktig at det er stor takhøgd i dei faglege diskusjonane og dei tilsette må vere godt samkjørte og trygge på kvarandre. Om det oppstår gnissingar internt i teamet kan det fort merkast for familien og skape utryggheit, uttalar Grytten.

Mette Grytten

Mange som slit med rusavhengigheit eller psykiske plagar kan vere sensitive for stemningar hos dei som er rundt. Mange er urolege for å gjere noko feil og at dei skal miste omsorga for barnet sitt. Det er difor meiningsfullt å tilby heilskapleg hjelp på eit tidleg tidspunkt, helst lenge før det er snakk om kontrolltiltak frå barnevernstenesta.

Oppfølginga kan også vere ein krevjande prosess for dei tilsette. Faggruppene som jobbar saman kan ha ulike prioriteringar for familien. Undersøkinga gjort av Eli Marie Wiigs i forbinding med hennar doktorgrad, viser at dette kan vere utfordrande. I undersøkinga trekk ho fram at det kan oppstå konflikt, fordi foreldre og barn har ulike behov i oppfølginga. Det store spørsmålet er kor stor belastning vil barnet tåle i påvente av at mamma eller pappa sin tilstand blir betre? Og kva kan andre bidra med i mellomtida?
 

Barnets beste

- I Barneblikk skal barnets beste vege tyngst. Barnet har inga høg røyst. Samstundes som vi skal lytte til foreldra, må vi vere barnet si røyst. Vi må vere flinke til å tenkje kva som er best for barnet, og ofte vil ivaretaking av heile familien og foreldreskapet vere avgjerande for barnet sin kvardag, seier Mette Grytten.

Ei løysing foreslått av Eli Marie Wiig og hennar kollega er «å støtte mødrene i kvardagslivet, rutinar og omsorg gjennom å ta tak i situasjonar der og då» (Eli Marie Wiig, 2018).

- I Barneblikk har vi tenkt mykje likt som Wiig. Jobbar ein i heimen hos familien er det lettare å ta tak i kvardagssituasjonar og få innblikk i korleis tilstanden til foreldra påverkar kvardagen til barnet. Da er det også lettare å rettleie foreldra, og bevisstgjere dei på det som skjer og kva barnet treng, forklarer Mette Grytten.
 

Nyttar familie og samfunn

Både Grytten og Wiig understrekar at å vere til stades i heimemiljøet vil vere positivt for både familien og samfunnet.

- Om vi kjem tidlig inn i familiesituasjonen, kan vi sette inn hjelp som er mindre inngripande for familien og familien slepp kanskje unna dei tyngste utfordringane. Når vi treff heile familien, får vi større innsikt og vi kan komme inn med meir målretta tiltak. Det er kjempeviktig for både familien og det er god ressursutnytting, uttalar Mette Grytten.
 
Kjelder: https://rop.no/aktuelt/redde-barnet-eller-behandle-foreldrene/