Ikkje psykisk sjuk, berre alkoholikar

Det er fredags ettermiddag på ein kafé. Frå min plass kan eg sjå nokre småbåtar tøffe forbi. Kafeen er halvfull og vekesluttavslappa. Eg er her for å møte ei dame, vi kan kalle ho for “Anne”. Eg veit at ho ikkje har hatt noko lett liv og eg er spent på historia hennar. “Anne” ankommer Kafeen. Ho ser ut som ei heilt alminneleg dame kring 50 og er hyggeleg og imøtekommande.

Då ho fekk beskjed av familien sin at ho ikkje fekk vere åleine med borna lenger var ho nøgd. Ungane var trygge og ho kunne fortsette å drikke. Illustrasjonsfoto: Colourbox

​Barndomen

– Som born var eg veldig engstelig og inneslutta, eg gjekk gjennom barndomen med ei kjensle av å vere veldig einsam. Torde ikkje sleppe meg laus og følte at alle andre var betre enn meg.
Foreldra blei skilt då Anne var 14 år, og det skulle ta mange år før ho fikk kontakt med far sin igjen. Same året hadde ho også sitt fyrste møte med alkoholen. Ho hugsar det som om det var i går. Endeleg kunne den inneslutta jenta snakke med kven som helst. Ingen merka at jenta som hadde venar og alltid var blid hadde det vondt inni seg.
Frå ho var 15 gikk det slag i slag. På tre år hadde ho forlova seg og fødd ei lita jente. Då det gjekk opp for ho kor umoden kjærasten var, flytta ho for seg sjølv med dottera og vart åleinemor i mange år.

Ny kjærleik og meir raudvin

Etter 10 år som åleinemor møtte ho igjen på kjærleiken. Dei gifta seg og fekk to nye born. På utsida så alt greitt ut, men Anne følte ho ikkje passa inn og at ho berre spela ei rolle. Ho sleit med angst og depresjon, og fekk “lykkepillar” av psykologen.
– Etter bryllaupet stod det igjen enorme mengder raudvin, så vi hadde alltid mykje i kjellaren. Fyrst opna eg ei flaske her og ei flaske der, men så kom kartongvinen og då var det gjort.
Samstundes vart det meir vanleg med kontinentale vanar i Noreg, og ein kunne ta seg eit glas her og der. Ho hadde mange unnskyldningar. Mest av alt brukte ho raudvinen som medisin for å dempe angsten.

 

...men så kom kartongvinen og då var det gjort.
 

«Kanskje det er litt mykje no?» Mannen hennar kom stadig med den kommentaren og då tok sjukdommen til for alvor. Frå det punktet byrja ho å skjule drikkinga og ljuge om kor mykje ho drakk. I denne perioden sleit ho med angsten og fekk endå meir “lykkepiller” av psykologen si.

Då alt rakna

I åtte år klarte ho å halde fasaden. Ho vart klassekontakt og oppmann for fotballen, sykla og sprang. Ein kveld sprakk fasaden hennar.
– Det var ein kveld kor eg satt og drakk etter at ungane hadde lagd seg. Eg var så sliten. Då tok eg alle pillene eg hadde, svelgde dei og skylde ned med raudvin. Eg vart så fortvila over at eg ikkje klarte å slutte med drikkinga. Heldigvis ringde eg kort tid etterpå til kommunen og fortalde kva eg hadde gjort. Dei kom å henta meg og eg fekk kur så eg kasta opp alt saman.
Etter dette vart dei tre borna til Anne vekt fleire gongar av at mor vart innlagt på sjukehus. Heldigvis hadde dei ei mormor og ein far som var til stades for dei.
Etter kvart blei Anne innlagt på psykiatrisk avdeling. Det fyrste opphaldet varte i mange månader. I løpet av tida hennar der fekk ho to diagnosar; Posttraumatisk stressliding (PTS) og Bipolar lidelse.

Alkoholen bagatellisert

Etter det fyrste opphaldet i psykiatrien følgde fleire år der ho var inn og ut av både rusinstitusjonar og psykiatriske institusjonar. Anne meiner at dei ikkje visste kva dei skulle gjere med ho. Fellesnemnaren frå dei to fagfelta var at det aldri var fokus på det andre då ho var ei av plassane. Anne synes det er rart at dei aldri snakka om alkoholen i psykiatrien.
– Ein gong eg hadde vorte på helgepermisjon frå psykiatrisk avdeling, sa eg at eg hadde drukke fire flaskar vin i helga. Det var difor eg ville ha permisjon. “Det må du ikkje gjere” sa behandlaren, før vi fortsette å snakke om barndomen.
Anne kjende at systemet ikkje klarte å sjå ho og at alkoholen vart bagatellisert veldig lenge. Ho tykte at ting ikkje hadde trengt å gå så langt om fastlege og psykolog, seinare også psykiatrien, hadde brydd seg om alkoholen.
– Eg ser jo på dei eg går på møte med i AA at det ofte er ein samanheng mellom rus og psykiatri. Både narkomane og alkoholikarar, alle har vore innom psykiatrien.

Borna i vegen for drikkinga

Etter to sjølvmordforsøk hadde ho også flytta frå mannen sin. Dei delte omsorga for borna ei stund, men for Anne vart borna i den perioden berre noko som sto i vegen for at ho kunne drikke, for det gjorde ho ikkje med dei tilstade.
 – I ettertid har det vore tøft å innsjå at det var slik eg følte det på den tida.

 

Dei slappa berre av når eg var innlagt.
 

Då ho fekk beskjed av familien sin at ho ikkje fekk vere åleine med borna lenger var ho nøgd. Ungane var trygge og ho kunne fortsette å drikke.
–Familien vart heilt utslitt. Dei slappa berre av når eg var innlagt. Då kunne dei puste ut.

Eit endelig vendepunkt

I 2012 fekk Anne tilbod om å byrje med tverrfagleg nærbehandling i Molde kommune. Det er ei dagbehandling som jobbar etter tolvtrinnsmodellen. Anne gikk der i 6 månader. - Det var der eg for første gang forstod at eg hadde sjukdomen alkoholisme og det var der eg fikk håp for første gang. Der måtte eg lære å ta ansvar for eige liv og det var den behandlinga som redda livet mitt.

 

Eg måtte ta tak i alkoholismen
 

Der såg dei for fyrste gong samanhengen mellom rusen og det psykiske. 12-trinns programmet til Molde blei det endelege vendepunkt for Anne.
– For fyrste gong i livet mitt fekk eg ikkje sympati for mi hjarteskjerande historie. Eg måtte ta tak i alkoholismen og stå til ansvar for den sjølv. No har eg vore edru i seks år.
Etter to år som rusfri skjønte Anne at diagnosane ho hadde levd med i så mange år ikkje var riktig. Både bipolar lidelse og posttraumatisk stress vart strøke av sakkyndige.

Takksam

I dag er Anne i full jobb og har ein god relasjon til både borna og eks-mannen. Ho er takksam for at eks-mannen og mora har stilt så mykje opp og vore der for ho og borna. Nå feirar dei alle saman jul og bursdag i lag.
Kafeen er snart tom, dei fleste er vel allereie godt i gang med fredagstaco og gullrekka. Anne har fortalt historia si og skal på møte i AA. Ei historie som kanskje hadde hatt ei mykje betre og tidlegare ending om fastlege og psykiatri hadde hatt eit auge for alkoholismen hennar. Lærdomen ein kan ta frå dette er utan tvil viktigheita av tverrfaglege tilbod.