Kristiansund med tverrfagleg Barneblikk

Oppdraget til Barneblikk er å styrke tilbodet til gravide og småbarnsfamiliar som omfattast av rus eller psykiske vanskar. Målet er å hindre at forelda sine vanskar belastar barna. Det er viktig med et lett tilgjengeleg og langsiktig tilbod til heile familien.

 

​Kristiansund kommune har tverrfagleg helsestasjon som i stor grad ivaretar dette oppdraget. Ei kartlegging som vart gjennomført våren 2017 avdekka nokre forbetringsområder i tilbodet til familiane. Det gjaldt i hovedsak samarbeidet mellom tenestene og samarbeidet med familiane. Det var også behov for ei betre oversikt over tenestetilbodet.
Avdelingsleiar i Barn Familie og Helse, Hanne Stenseth, er opptatt av at ein må bygge på det som allereie fungerer og at vi kan lære av kvarandre sine erfaringar. Med bakgrunn i dette vart det bestemt at deltakarar fra kommunen og helseføretaket skal møtast for å lage ei oversikt over tenestetilbodet til Barneblikk-målgruppa. Tenesteoversikta blir presentert på Barneblikk si nettside. Gjennom arbeidet med tenesteoversikta vil ein også sjå på forbetring av samarbeidsrutinene.
Nokre tenester møter barna, mens andre møter foreldra, nokre tenester hjelper med økonomi eller sosiale behov, mens andre hjelper med helsespørsmål. Ein brei og tverrfagleg innsats vil dirfor vere naudsynt for at arbeidet skal bli heilskapleg og nyttig.  Gruppa som skal jobbe med Barneblikk-oppdraget skal vere samansatt fra tenester som treff både barna og dei vaksne, frå kommuna og fra spesialisthelsetenesta.