Legane undrar: - Kven er det eg ikkje har oppdaga?

26 % av alle norske barn under 18 år har foreldre som sliter med alkoholproblem eller har psykiske vanskar i følgje Folkehelseinstituttet. Mange av legane som «Legar med barneblikk» møtte hausten 2017 vart overraska over kor stort omfanget er. Nokre synest det er vanskeleg å tru og dei fleste sat igjen med følelse av "kven er det eg ikkje har oppdaga".

Leger med barneblikk: Brukarrepresentant Emthe Vollstad O’Neill, Kommuneoverlege Inger-Lise Kaldhol og Helsestasjonslege Birgitte Øvrelid

​«Legar med barneblikk» var eit delprosjekt i Barneblikk-satsinga hausten 2017. To legar frå Ulsteinvik og ein erfaringsrepresentant gjennomførte prosjektet som hadde som målsetting å betre samarbeidet mellom fastlegar og anna hjelpeapparat når gravide eller småbarnsfamiliar er påverka av rus eller psykiske vanskar. «Legar med barneblikk» møtte fastlegar på Sunnmøre i ei rad større og mindre møte kor ein hadde fokus på temaet og diskuterte og reflekterte med legane.

Fastlegen har ei viktig rolle

- Vi opplever at legane sit med ønske om å oppdage og å vere meir obs på problemstillinga framover, seier kommuneoverlege i Ulstein Inger Lise Kaldhol. - Dei synest temaet er viktig og ser at fastlegen har ei viktig rolle. Dette var ein vekkar for mange. Legane veit om mange foreldre som slit og som ikkje helsestasjon, skule eller barnevern veit om. Ein lege sa at frykta for å gjere feil må ikkje hindre oss i å gjere noko.

Kaldhol fortel at legane ønskjer seg samarbeid både med helsestasjon og barnevern. Ein lege sa tydeleg at det er behov for ein instans som fastlegen kan henvise til når dei har oppdaga at eit barn har det vanskeleg. - Eg oppdagar det men kva kan eg gjere med det? sa han. Andre var einige og sa at det er behov for eit lettare tilgjengeleg tilbod med ein lågare terskel enn til barnevernet eller BUP.

Familieteam

Legane ønskjer seg eit familieteam som  skal vere eit tilbod som det er kjekt å kunne tilby. Noko foreldra ikkje skal frykte, men som dei ønskjer og kjenner behov for.  Familieteam skal følast som eit hjelpetiltak og ikkje eit kontrolltiltak.

- Eit slikt tilbod er det kommunane og Helse Møre og Romsdal arbeider med å få på plass, seier Mette Grytten som er koordinator for Barneblikk-satsinga. - Det er viktig å kome tidleg inn og sette inn hjelp før borna vert belasta. Gjerne allereie i svangerskapet. Det er betre å bruke ressursar her enn alle dei ressursane som kreves når skaden er skjedd.

Positive til samarbeid

- Legane er positive til samarbeid med slike familieteam og vil gjerne delta på felles møter, seier Kaldhol. - Dei ønskjer både å delta på første møte for å gje informasjon og å vere med vidare og få tilbakemelding på tiltak. Det vil vere bra å ha nokon å sende ballen vidare til eller å kunne spele ball med.

- Fleire uttrykker at samarbeidet med barnevern er for dårleg seier Kaldhol. - Ein lege sa at han ikkje opplevde dei som ein samarbeidspartner. Legane kjenner seg ekskludert. Når dei ikkje vert invitert til samarbeidsmøter og heller ikkje får tilbakemelding vert motivasjonen for å melde frå, svakare. Dei føler ikkje at det nyttar. Samarbeid kan vere utfordrande sidan andre kontor er stengde når pasientlistene er gjennomgått. Fastlegene ønskjer meir bruk av elektroniske kommunikasjonskanalar.

- På møta snakka vi og om at fastlegen kan foreslå at barnet får informasjon om foreldra sin tilstand, fortel Kaldhol. - Det er viktig for barnet at det vanskelege blir sett ord på. Vi må ikkje tenke at dei skal skjermast, for dei lever midt i det og kjenner det allereie på kroppen.

- Leger med barneblikk-prosjektet har gitt mykje kunnskap om legane og kva dei tenker, og det har ført til gode refleksjonar mellom legane som har deltatt på møta, seier Grytten. – For Barneblikk er det ønskjeleg å vidareføre prosjektet i Romsdal og på Nordmøre og vi vonar å få det til i 2018.01.04

Rapport Legar med barneblikk