Legar med barneblikk – «Ingen kan gjere alt åleine»

Fastlegar opplever at andre tenester har meir kompetanse og moglegheit til å fange opp utsette barn. Det er ein av konklusjonane frå rapporten om prosjektet Legar med barneblikk i Ålesund 2018.

Leger med Barneblikk, møte på Daaskogen legesenter i desember 2018

​- Dette er ei viktig tilbakemelding frå legane. Alle helsetenester skal spørje etter pasienten sine barn og vende seg til andre instansar med det dei ikkje kan hjelpe med sjølve. For å hjelpe familiar er det viktig med samarbeid, og då må vi snakke med kvarandre. Det er ingen som kan gjere alt åleine, seier koordinator for Barneblikk, Mette Grytten.

Viktig helsekoordinator

- Fastlegane er den viktigaste helsekoordinatoren for alle i befolkninga. Dei har god oversikt over pasienten si helse, og ofte også over familien seier Grytten. - Det er mykje i familien sin situasjon som kan påverke barnet. Dersom vi berre kjenner forelderen, er det stor fare for at vi sett inn tiltak som ikkje er riktig, eller til og med kan gjere situasjonen verre. Det er viktig at fastlegane og andre tenester deler informasjon med kvarandre, slik at vi kan hjelpe familien som ei heilheit.

Ei av målsettingane for Leger med Barneblikk prosjektet var å høyre med fastlegane kva som kan gjerast for å betre samarbeidet mellom legane og andre tenester. Fastlegane har ønske om tettare samarbeid, men rammene dei har er utfordrande. Til dømes har legane ofte pasientkonsultasjonar fram til klokka fire. Når dei då skal kontakte samarbeidspartnarar, er dei andre kontora stengde. Fastlegane meiner at fleire tekniske løysingar kan gjere samarbeidet lettare.

Overraskande

Leger med Barneblikk prosjektet er gjennomført av fastlege Ingeborg Olga Relling og psykiater Eva Liahjell, saman med ein erfaringsrepresentant. Dei seier at fastlegane som deltok, var overraska over det høge talet på barn som er pårørande. 26 prosent av norske barn har foreldre med psykiske vanskar eller alkoholvanskar i ein slik grad at det påverkar kvardagen. Fleire av fastlegane vart opptatt av kor mange barn som er pårørande i deira eigne pasientlister.

Fastlegane meinte det er lettast å oppdage dei alvorlegaste sakene, men med slike saker treng familien omfattande og ofte inngripande oppfølging frå barneverntenesta. Dei ønska seg betre kommunikasjon med barnevernet, og å vere meir involvert når dei har meldt bekymring for eit barn. For å fange opp vanskane på eit tidleg stadium, var legene einige om at alt startar med openheit med pasientane. Historia til erfaringsrepresentanten ga fastlegane viktige innspel til korleis dei kunne snakke med pasientane.

Behov for meir kunnskap

Direkte spørsmål om korleis barna opplever tilstanden til foreldra, kan opne for viktig informasjon. Men fleire av fastlegane sa også at dei hadde lite kjennskap til tilbod for familiar med lettare psykiske vanskar eller rusproblem.

Fastlegane meinte dei hadde for liten kunnskap om kva tilbod som eksisterer, og kva ein skal gjere når dei avdekker rus eller psykiske vanskar i barnefamiliar, Dei ønska seg ei kortfatta oppskrift på dette.
Prosessleiarane meinte Leger med barneblikk har bidratt til større merksemd på barna til pasientane og har vore eit viktig førebyggande tiltak som bør gjerast på nytt andre stadar i fylket.

Betre samarbeid

Prosessleiarane til Leger med barneblikk seier at fastlegane er positive til Barneblikk. Det er bra med eit tilbod som kan hjelpe på eit tidleg tidspunkt, før det blir alvorleg og må meldast til barnevernet.

- Barneblikk er opptatt av å hjelpe familiane før problema vert store og uhandterlege seier Grytten. - Då er vi avhengig av at fastlegane og andre tørr å spørje etter barna til pasienten, og fortel om Barneblikk til dei som strevar med psykisk helse eller rus.

Rapport Leger med barneblikk Ålesund