Nøgde brukarar: - Veit ikkje kva eg skulle gjort utan Tverrfagleg Helsestasjon

Tverrfagleg får skryt for å strekkje seg ekstra langt for å hjelpe brukarane sine. Dei negative sidene ved lågterskeltilbodet er få ifølge brukarane sjølv. Det er ei positiv overrasking for forfattarane bak Forskarblikk på Tverrfagleg Helsestasjon i Kristiansund kapittel 3: Brukarblikket.

Høgskulelektor Ellen Andenes og førsteamanuensis Silje Louise Dahl

​- Eg veit ikkje kva eg skulle gjort viss eg ikkje fekk Tverrfagleg Helsestasjon, uttalar ein av brukarane til Tverrfagleg Helsestasjon i Kristiansund i eit intervju som skal kartleggje brukarane si oppleving av helsestasjonen. Intervjuet blei gjennomført i samband med forskingsrapporten «Forskarblikk på tverrfagleg helsestasjon i Kristiansund».

I kapittel tre av forskingsrapporten har førsteamanuensis Silje Louise Dahl og høgskulelektor Ellen Andenes forska på brukarblikket; korleis brukarane av helsestasjonen opplev tilbodet, og kva dei meiner kan forbetrast.

Positivt overraska

Då dei to gjennomførte intervjuet med brukarane blei dei positivt overraska.
-  På førehand tenkte vi at brukarane kunne vere motvillige til å bli intervjua, og at dei kunne synes det var vanskelig å vere mottakarar av oppfølging ved TH. Vi blei overraska over kor få kritiske innspel dei hadde. Veldig få hadde negative opplevingar med Tverrfaglig Helsestasjon, forklarer Dahl og Andenes.

Forfattarane av kapittelet seier at det er tydeleg at tilbodet har betydd mykje for deira brukarar.
- Då vi spurte brukarane kva tyding hjelpa har hatt fekk vi svar som; «utan tverrfagleg helsestasjon hadde eg ikkje hatt same omsorg eller forhold til barnet mitt som eg har i dag» og «eg tør ikkje ein gong å tenkje på kva eg hadde gjort utan hjelp frå Tverrfagleg Helsestasjon», fortel Silje Louise Dahl og Ellen Andenes.

Strekk seg langt

Brukarane synes det er spesielt bra kor langt Tverrfagleg Helsestasjon strekk seg for å hjelpe. Ein av brukarane uttalte blant anna at helsesyster tek med jobben utanfor kontoret for å hjelpe brukaren i ukjende situasjonar. Som for eksempel å vere med på babysong eller liknande.

- Tverrfagleg helsestasjon er flinke på å bygge gode relasjonar og styrke brukarane i familierolla og ikkje bare gje rettleiing, men også skryt. For å vere gode foreldre er det viktig å tru på seg sjølv, det bidreg helsestasjonen med, seier Silje Louise Dahl basert på tilbakemeldinga frå brukarane.

Sosialfagleg hjelp

Noko av det brukarane seier dei saknar er meir gruppetilbod, for å utvide nettverka sine.
- Ikkje alle har så store nettverk, og nokon ønsker å komme seg vekk frå sine nettverk. Då kan det vere fint med sosialfagleg hjelp, forklarer Silje Louise Dahl og Ellen Andenes.

Likevel meiner dei to, likeins med brukarane av Tverrfagleg Helsestasjon at Kristiansund Kommune er flinke på å drive lågterskeltilbodet innanfor dei rammene dei har. Dei understrekar at forskingsrapporten er basert på Tverrfagleg Helsestasjon i Kristiansund. Samstundes har helsestasjonen i Kristiansund vore ein inspirasjon for korleis Ålesund, Molde og Ulstein no utviklar sine Barneblikktilbod. Gjennom samarbeid i nettverk med dei andre Barneblikkommunane ønsker Kristiansund kommune å utvikle tilbodet sitt.