Pårørande og kampen for å beskytte borna

Eg møter Marianne på kafé ein regntung ettermiddag i juni. Vestlandsværet har satt ein stopp for den opphavlege planen om fjelltur. Ho er ei blid dame med eit fast handtrykk. Vi to møtast i dag for at ho skal dele si historie som pårørande til ein alkoholikar. Det viser seg at eg også skal få høyre om kampen hennar for å beskytte borna sine og om eit mangelfullt hjelpetilbod.

–Eg fortalte ho at pappaen var alkoholikar.                         Foto: Coulorbox

​Møte med kjærleiken og alkoholen

Marianne vaks opp i en heim utan far. Ho budde saman med ein bror, ei kjærleg mor og ei streng og svært dominerande bestemor. Ei bestemor som stadig kritiserte og fikk Marianne til å føle seg lite verd. Bestemora var  familiens høvding og det var lite rom for å snakka om eller vise følelsar i heimen. Mora døde når Marianne var 19 noko som resulterte i at ho miste den einaste støtta ho hadde.

Ein gong på 90-talet møtte Marianne ein sjarmerande kar. Han var i midten av 30 åra og hadde to barn frå før. Ho meinte han var draumemannen trass i at han ville bestemme over ho, at han kritiserte ho og ofte var sint utan at Marianne skjøna kvifor. Dette var noko ho var van med frå bestemora, så ho tenkte ikkje så mykje over det.

- Eg var 21 og oppdaga raskt at han var alkoholikar. Eg likte ikkje drikkinga. Eg syntes det var ubehagelig når folk vart fulle, men han drakk eigentleg sjeldan slik at eg såg det. Og han hadde jo gode sider også.
 
Det første halvanna året var Marianne stadig åleine medan kjærasten var ute og drakk. Ho vart meir og meir styrt av kjærasten sin vilje, gjorda alt han ønska slik at ho ikkje skulle utløyse drikking. Så reiste dei på ferie til Danmark.

Før turen hadde han mista sertifikatet for fyllekøyring. Marianne kjende seg uttrygg på den lange bilturen, men måtte likevel køyre. Det som skulle vere ein hyggeleg tur vart i staden tre veker med krangel og uro. Og mykje alkohol for kjærasten. Han var misnøgd med alt. Hotellet, bilen, maten, veret og Marianne. For kvar krangel stakk han av og Marianne satt att åleine på hotellet med klump i magen. Ho var bekymra for at han skulle drikke meir og lage enda meir bråk.

-Eg såg plutselig kor prega eg var av forholdet og tenkte at dette kan eg ikkje lenger.

 

Vendepunkt

Denne sommaren vart eit vendepunkt for Marianne. Ho innsåg at uansett kva ho gjorde, ville det ikkje hindre han i å drikke.
- Eg såg plutselig kor prega eg var av forholdet og tenkte at dette kan eg ikkje lenger. Eg må berre trekke meg unna. Eg skjøna at alkoholen var sterkare enn alt anna.

Kjærasten lova bot og betring og overtalte Marianne til å prøve ein gong til. Det var på denne tida at han tok ho med på eit ope AA møte. Der vart Marianne introdusert for det som seinare skulle verte hennar, og dei komande borna, si redning; Al-Anon. 

Dei neste ti åra heldt han seg edru. Han begynte fast i AA (Anonyme Alkoholikarar) og ho fast i Al-Anon. Al-Anon er ei sjølvhjelpsgruppe for pårørande. Dei gifta seg og fekk si fyrste dotter. Ektemannen heldt seg edru og dei vart foreldre, men kvardagen var ikkje ein dans på roser. Han hadde funne ein ny avhengigheit; jobben. Han brukte all vaken tid på jobben, var stort sett borte frå heimen og vart sint når Marianne ønska han meir involvert i dottera og familielivet.

- Eg levde ubevisst på premissane hans fordi eg var så redd for at han skulle vere misnøgd med meg og at han skulle byrje å drikke igjen. Vi hadde lite kontakt med andre, i tillegg var han dominerande og sjalu. Eg trur ingen av oss hadde det bra.  
 

Familieauke, mistillit og skilsmisse

Då dei vart foreldre for andre gong så starta ting å verte verre. Marianne fortel at ektemannen vart veldig inneslutta og psykisk fråverande og at forholdet vart utan nærleik. Ho tok seg av alt med borna og husarbeidet og i tillegg hadde ho full jobb og tok kveldsskule etter at borna hadde lagt seg.

– Dei gongane eg vart litt sein heim frå skulen, var han mistenksam og trudde eg hadde gjort andre ting. Då venta han i vindauget og kunne lure på kvar eg hadde vore. Ofte trua han med å flytte frå meg og det var jo det siste eg ville.
 
Det vart erfaringane frå Al-Anon som gjorde at ho hadde styrke til å skiljast frå ektemannen, sjølv om ho var redd for at det ville føre til at han starta å drikke igjen. Skilsmissa var både vond og krevjande, han truga ho og var ofte sinna og dei måtte bruke mykje tid med advokatar for å dele buet og få på plass ein avtale om borna. Marianne opplevde at han var oppfarande og var redd borna ville kjenne seg utrygg hjå han.
 
Mannen, som knapt hadde vore åleine med borna før, kravde at han skulle ha omsorga minst halvparten av tida. Etter fleire rundar på familievernskontoret og med advokatar, vart avtalen klar. Til Marianne si fortviling skulle han ha dei annakvar helg og ein dag i veka. Marianne si uro skulle vise seg å stemme.

Marianne hadde alltid vore opptatt av at borna skulle ha trygge rammer, føreseielege reglar og ansvar som passa til alderen.

– Når borna var med faren kunne dei vere oppe så lenge dei ville og døtrene måtte sjølv ta ansvar for å stå opp. På skuledagar måtte sjuåringen vekke faren for at ho skulle kome tidsnok. Ho var pliktoppfyllande og var livredd for å komme for seint på skulen og få merknad.

- Det var ingen, verken legen, helsesyster eller familievernkontor som snakka med borna.

 


Døve øyre hjå familievernkontoret

Marianne minnast ei turbulent og utrygg tid for henne og borna. Samarbeidet med barnefaren var vanskeleg og ofte endra han eller heldt ikkje avtalar. Marianne kjende etterkvart igjen eit mønster frå dei første åra ho kjende han. Når han var aktiv alkoholikar heldt han ikkje avtalar, la alltid skulda på andre, fråskreiv seg ansvar for alle hendingar og han hadde store humørsvingingar. Ho var sikker på at han hadde starta å drikke igjen.

Marianne tok opp uroa på familievernkontoret, men dei forsto ikkje alvoret i det ho fortalde. Sidan ho ikkje hadde sett han full, kunne dei ikkje ta affære.

- Dei var oppteken av at begge foreldra skulle bli høyrt og det dei såg var at han var edru og på jobb. På den tida var ein også opptatt av at borna hadde rett til samvær med begge foreldra, utan å undersøke om han som far faktisk var i stand til det. Dei var så nøytrale at dei ikkje såg borna sitt beste.

Både arbeidsgjevaren hans, familien hans og venene hans meinte han var edru saman med borna og at det da ikkje var noko å bekymre seg over. Det var ingen som såg raserianfalla som Marianne stadig vart utsett for. Marianne hadde lang erfaring med faren til borna hennar og kjende igjen dei små teikna borna viste. Dei kunne vere motvillig til å dra til faren, dei var overdriven lojale, vart ekstra på vakt og reagerte med redsle når dei til dømes velta eit glas med mjølk.

Familievernkontoret vart vitja ofte, men de såg berre to foreldre som var i krig og brukte borna som eit middel. Marianne var fortvila over at dei ikkje såg korleis det eigentleg stod til. Dei vart stadig manipulert. I følgje Marianne fekk ho beskjed om at ho ikkje kunne halde igjen borna. Då ville det vere ho som saboterte samværet og avtalen. Ho risikerte rett og slett å miste samværsretten. 

– Ein skulle kanskje tenke seg at nokon tok ein prat med borna. Det var ingen, verken legen, helsesyster eller familievernkontor som snakka med borna. Ingen hadde noko å tilby dei. Legen rådde endå frå psykologhjelp til eldste dotter mi. Fordi det ikkje var bra at det stod i papira hennar. Men ho kunne få nokre roande tablettar.

– Når eg snakka med faren deira, kunne eg høyre på stemma hans at han kanskje hadde tatt pillar eller hadde drukke, for han var ikkje seg sjølv. Men eg kunne ikkje bevise det. Eg var så fortvila og skuffa over hjelpeapparatet. Kjende meg hjelpelaus. Eg hadde ingen andre. Når ikkje hjelpeapparatet forstår, kven kan ein då ha tillit til?

Siste vitjing hjå far

Etter halvanna turbulent år skulle den verste uroa til Marianne vise seg å stemme.
Marianne skulle på eit helgeseminar med jobben og borna skulle vere hos far. Han kom seint for å hente dei, han verka uklar i blikket og måten han prata på. Marianne fatta mistanke om at han var rusa på tablettar.
 
Ho ville ikkje at borna skulle sitte på i bilen med faren, men kunne ikkje halde dei igjen. Marianne vurderte å ringe til politiet, for ho var sikker på at ting ikkje var rett. Ho ringde i staden til systera hans og fortalde at ho trudde han hadde tatt pillar. Systera som sjølv hadde vaksne born reagerte med å sei at “mange køyrer i rusa tilstand” og at ho ikkje kunne stoppe det. Marianne fekk ikkje støtte der heller. Etter mykje om og men avtalte dei likevel at systera skulle dra innom å sjekke tilstanden. Så reiste Marianne på seminar med jobben. Eit par timar seinare ringde ho og snakka med eldste dottera og då sto alt bra til. Dei hadde besøk av den eldre halvbroren sin. Marianne slo seg litt til ro.
 
Då borna vart levert heime hos Marianne på søndagen, merka ho med ein gong at noko hadde skjedd. 

– Den eldste dottera mi braut saman, gråt og fortalde at pappa hadde vore full på fredagskvelden. Ho hadde leie vaken heile natta og då faren kom heim hadde han hatt med seg folk. Ei dame og ein mann. Det hadde vore full fest i stua.
 
Halvbroren hadde passa på dei til faren kom heim saman med venane sine. Marianne ringde halvbroren som kunne bekrefte historia, han var lei seg og kjende ansvar for at småsøstrene hadde vore redde. Den eldste dottera hadde heilt tydeleg hatt ei fæl helg. Store, blodige blemmer over heile munnen, som seinare skulle vise seg å være herpes med feber framkalla av stress, var ytre teikn på den vanskelege helga.

–Eldstejenta sa til meg at nokon måtte ta frå han pappa sertifikatet før han køyrer på nokon. Nokon kan døy. Ho var sikker på at han fortsatt var full når han køyrde dei heim til farmora som hadde passa jentene dagen etter festen.

Ord på kjenslene

Marianne visste ikkje kva ho skulle gjere for å hjelpe dottera. Ho bestemte seg for å setje ord på det dottera hadde opplevd.

– Eg fortalte ho at pappaen var alkoholikar, at det er ein sjukdom som betyr at
trongen til å drikke er så stor at den styrer alt han gjer. Eg sa at det betyr ikkje at han ikkje er glad i ho eller vil vere stygg mot ho, men at alkoholismen er sterkare enn alt anna. Så sterk at pappa ikkje klarer å gjere det som er best for borna sine.
 
Marianne sa at ho og hadde vore redd og lei seg når pappaen deira hadde drukke. På den måten bekrefta Marianne dottera si frykt og dottera vart trygg på å dele det vanskelege. Det viste seg at både sjuåringen og fireåringen hadde mykje på hjartet når dei først byrja å fortelle.

Ein gong hadde dei skunda seg til butikken for å kjøpe middag, akkurat klokka seks, og faren hadde ikkje fått kjøpe øl. Pappa vart så sint på butikkdama, sa fireåringen. Marianne såg at til og med minstejenta vart involvert i faren si alkoholisme. Borna la merke til åtferda hans, at han endrar seg og dei prøvde å ta ansvar.

Sjuåringen hadde funne spritflasker i kjøkkenskapet hos pappa og ho sjekka flaskene jamt for å sjå om innhaldet i flaskene minka. Dottera fortalde også at ho hadde kjend ekkel lukt av pappa. Ho hadde fleire gongar kjend seg utrygg, ho likte det ikkje når det kom framande på besøk.

Denne helga blei siste gongen dei reiste til far sin. Marianne visste at ho ikkje hadde lov til å halde dei igjen, men ho var fast bestemt på at dei ikkje skulle vere meir hjå faren, slik situasjonen var no. 

– Den beste hjelpa eg har fått, har eg fått i Al-Anon.

 

 

Endeleg nokon som forstod

Marianne hadde stått i kampen åleine heile denne tida. Det fyrste Marianne gjorde når måndagen kom, var å ringe til helsestasjonen for å få råd og
hjelp til å handtere situasjonen. Utfallet av den telefonsamtalen vart noko heilt anna enn forventa. Helsesystera syntes det ho fortalte var så graverende, at ho ville ringe barnevernet.

Ein skulle kanskje tru at ho ville ringe barnevernet og melde om faren til borna, men helsesystera meinte det var alt for gale å fortelle dottera at far hennar var alkoholikar. 

– Eg sa at eg vil gjerne ringe barnevernet sjølv for eg har alt kontakt med dei sidan eg er avlastar for eit born. Eg vil sjølv fortelje kva eg har sagt og gjort i denne situasjonen. 
 
Hos barnevernet var tonen ein heilt anna. Marianne meiner sjølv at det var fordi dei hadde meir kunnskap om alkoholisme og korleis det kan påverke borna. Dei meinte ho hadde handtert situasjonen heilt rett. Dei ringde til helsestasjonen og ga beskjed om det. 
 
Eit viktig råd tok ho med seg frå barnevernet: Stol på deg sjølv og din eigen intuisjon om kva som er rett og gale. På familievernkontoret stod ho på sitt sjølv om far til borna nekta for hendingane. Ho kravde at han ikkje lenger skulle få være i lag med borna aleine. Omsider vart ho høyrt.  

På spørsmål om ho eller borna fekk noko hjelp frå hjelpeapparatet då det sto på eller i ettertid, kjem svaret fort og bestemt:

–Den beste hjelpa eg har fått, har eg fått i Al-Anon. Det er hjelp frå andre i same situasjon og den har vore heilt fantastisk. Unik. Kunne ikkje ha fått betre hjelp til å kome meg på beina og til å hjelpe borna mine sjølv.

- Den første tida i Al-Anon var fokuset mitt heilt feil. Eg var opptatt av at mannen min skulle halde seg edru. Mi lykke var avhengig av at han heldt seg edru. Etter kvart vart eg sterkare i trua på at eg ikkje kunne endre han, eg måtte jobbe med meg sjølv, med frykta mi og bli uavhengig av han. Til slutt klarte eg å stå imot og ikkje la meg manipulere. Eg klarte å la han gå.

- Eg håper at hjelpeapparatet etterkvart vil stole meir på dei som er rundt den som drikk.

 

Fortsatt ein lang veg å gå

Det Marianne og borna opplevde, ville ein forhåpentlegvis handtert på ein betre måte i dag. Sjølv har ho fått lov å vere ein del av denne endringa, ho har i ei årrekkje hatt rolle som pårøranderepresentant og har opplevd at det har vorte meir interesse frå hjelpeapparatet for det dei driv med i Al-Anon. Barneblikksatsinga ser ho med svært positive auge på. Det er svært viktig at born av vaksne med rus og eller psykiske vanskar vert fanga opp og får hjelp så tidlig som mogeleg. Det er på tide at tilboda for familiane vert koordinerte og lettare å finne fram til både for hjelpeapparatet og for dei familiane som trenger hjelp. Ho meiner det fortsatt er ein lang veg å gå og at det er behov for meir kunnskap om korleis alkoholisme påverkar heile familien. Ho minner og om at edruskap ikkje nødvendigvis betyr at alt er bra. 

– Eg tenkjer at fagfolk rundt om, både i barnehage, helsestasjon og andre instansar må få meir kunnskap om korleis dei faktisk bør gå fram. Eg trur dei lett let seg lure fordi dei ikkje heilt veit korleis dei skal handtere situasjonen. Dei kjem ofte til kort fordi foreldra til desse borna kan framstå med sterke personlegdomar, men det er slik det er å bli styrt av rusen, ein får ofte grandiose tankar om seg sjølv, og at ein klarer alt. Fagfolk må vere litt tøff  og modig for å gå inn i ein slik situasjon.
 
- Eg håper at hjelpeapparatet etterkvart vil stole meir på dei som er rundt den som drikk. Det er dei som har best kjennskap til korleis situasjonen eigentleg er. Snakk med dei pårørande, snakk med borna og ta dei på alvor. Eg trur også at det er lett å gløyme at kven som helst kan vere ein pårørande. Kven som helst kan vere eit born av eller ha ein mann som rusar seg. 
 
Kaffikoppane er drukke opp og vi har snakka ei lang stund før Marianne ser på klokka og vert overraska over kor fort tida flyg. No må ho av garde til jobb. Der har ho mykje kontakt med aktive narkomane. Ho trivst i jobben og meiner at erfaringane hennar som pårørande gjer at ho har gode samtalar og at dei stolar på ho. Borna har klart seg godt og dei har i dag litt kontakt med far sin. Han har no vore edru i nokre år.