Styringsgruppe Barneblikk

Styringsgruppa

Leiar for styringsgruppa: Stabssjef Ole Lorvik Klinikk for psykisk helse og rus

Leiar for styringsgruppa: Stabssjef Ole Lorvik Klinikk for psykisk helse og rus

​Som stabsleiar for psykisk helse og rus ser eg at barn som veks opp i familiar med psykiske lidingar og rusavhengigheit er i ei risikogruppe for utvikling av eigne helseskader. Dessverre møter vi dei ofte igjen når dei blir unge vaksne og er i ferd med å pådra seg tilpassingsskadar og ofte problem med rusmiddel.

Etter mange års arbeid i «den andre enden», i møte med dei vaksne som har utvikla omfattande ruslidingar, ser eg viktigheita av at desse barna får nødvendig tilpassa oppfølging så tidleg som mogleg. Då kan vi forhindre at mange av dei får eit liv med problem i staden for ressursar og meistring. Difor engasjerer Barneblikk meg.

Kommunalsjef Christine Reitan Kristiansund kommune

Kommunalsjef Christine Reitan Kristiansund kommune

   

​Eg er kommunalsjef for oppvekst i Kristiansund kommune. Eg har det overordna ansvaret for både opplæringstenester, helsetenester og barnevernstenester for alle barn og unge i kommunen.
Eg er utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo. Eg har jobba med undervisning på høgskulenivå, som forskar og i privat verksemd, men har lengst arbeidserfaring frå Kristiansund kommune.

Det som er mitt viktigaste mål, er å få til ein samanhengande teneste som setter barn og unge i fokus. Vi er heilt avhengige av at alle samarbeider til barns beste og med eit mål om at alle skal settast i stand til å meistre sitt eige liv og gjennomføre vidaregåande skule. Barneblikk har fokus på samanhengande tenester både internt i kommunen og saman med spesialisthelsetenesta og på den måten kan eg jobbe med å realisere min målsetting også gjennom Barneblikk.

Rådgiver i driftsavdelingen Tone Haukebø Silseth Molde kommune

Rådgiver i driftsavdelingen Tone Haukebø Silseth Molde kommune

​Eg er rådgivar i Rådmannens stab, prosjektleiar for ny Barne- og ungdomsplan i Molde kommune og har ansvar for å implementere planen.
Eg er utdanna sosionom og har vore tilsett i Molde kommune sidan 2000. Før det jobba eg mange år i barneverntenesta.

Barneblikk er eit lavterskeltilbod som bidra med hjelp og tidleg innsats. Barn, unge og familiar  som har behov for ekstra hjelp og støtte i en kortare eller lengre periode får lettare tilgang til hjelp med Barneblikk. Det kan bidra til å begrense problem og ein kan unngå uheldig utvikling for hele familien.

Rådgiver i psykisk helse Lisbeth Slyngstad Ålesund kommune

Rådgiver i psykisk helse Lisbeth Slyngstad Ålesund kommune

​Jeg har arbeidt  i Ålesund kommune i 9 år. Tidlegare var eg 20 år i Oslo kommune som leiar innan tenester for personer med funksjonsnedsettelser, psykisk helse og rusarbeid.
Eg er utdanna barnevernspedagog og har vidareutdanning innan Organisasjon og leiing, rettleiingsmetodikk, psykisk helse og rusarbeid  og kommunal omstilling.

Eg arbeider nå mellom anna med involvering av brukarar og pårørandearbeid og for å få satt dette i system i Ålesund og har fokus på auka openheit og kompetanse rundt psykisk helse og psykiske lidingar.

Barneblikksatsinga må bidra til at helse og sosialtenestene på kommunalt nivå og helsetenestene på spesialistnivå identifiserer tidlegare foreldre som sliter med rus og psykiske helseproblem, og at disse får god koordinert hjelp og støtte til å fungere betre som gode foreldre.

Anne Hollingen  Barnekoordinator og Koordinerende enhet Helse Møre og Romsdal HF

Anne Hollingen Barnekoordinator og Koordinerende enhet Helse Møre og Romsdal HF

Jeg er utdannet psykiatrisk sykepleier og har en master i helse og sosial fag. Har yrkeserfaring fra kommune og helseforetaket, som sykepleier, leder og prosjektleder
Har vært barnekoordinator siden 2013. Det betyr at jeg er bindeledd mellom ledelse, barneansvarlige og helsepersonell og skal koordinere, gi råd og tilrettelegge for barneansvarlig helsepersonell.

For meg er det er viktig at det er et samarbeid mellom de barneansvarlige  i helseforetaket og «Barneblikk». Barn som pårørende-arbeidet skal også ha fokus på familiene og samarbeid med kommunene, men for mange barneansvarlige er det  lite kjennskap til tjenestetilbud  som finnes i  kommunene. Det er viktig med en tett link til barneansvarlige og lavterskeltilbudet for utveksling av kunnskap.

Klinikksjef Henrik Erdal Klinikk for kvinner, barn og unge

Klinikksjef Henrik Erdal Klinikk for kvinner, barn og unge

Eg er klinikksjef for Klinikk Kvinner, barn og unge. Eg ser på Barneblikk som eit viktig arbeid/tiltak for å nå brukargrupper og familiar  som har høg risiko for helseplager og sosiale vanskar.

Barneblikk er for meg eit sentralt førebyggande folkehelsetiltak – i samhandlinga si ånd.

Avdelingssjef Manuela Strauss  Psykisk helsevern barn og unge

Avdelingssjef Manuela Strauss Psykisk helsevern barn og unge

​Mitt daglige arbeid består i å legge til rette for best mulig behandling for barn og unge, som sliter med psykiske lidelser. Dette er en meget givende jobb, men jeg skulle ønske vi hadde ikke så mye å gjøre.
Å bidra til å forebygge at barn utvikler psykiske vansker og etter hvert lidelser, er min hovedmotivasjon til å være med i barneblikk.

Vi vet mye om risikofaktorer. Vi vet at når foreldre sliter med rus og/eller psykiske lidelser, har barn en mye høyere risiko ifht psykisk sykdom enn resten av befolkningen.
Jeg ønsker å bidra til at uheldige sirkler brytes. Vi må sørge for at ikke sykdom og lidelse går i generasjon etter generasjon.

Fokus på de aller-aller yngste, som lever med kjente risikofaktorer, skulle gi oss en gyllen mulighet til å få til noe viktig i lag.

Rådgjevar Anne Mette Nerbøberg Fylkes-mannen i Møre og Romsdal

Rådgjevar Anne Mette Nerbøberg Fylkes-mannen i Møre og Romsdal

​Eg arbeidar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal i helse og sosialavdelinga. Eg er utdanna sosionom og har vidareutdanning rus og avhengigheitsproblematikk, coaching og leiing

Fylkesmannen sin visjon for  å vere med på arbeidet med Barneblikk er å understøtte arbeidet for at små barn får det tenestetilbodet dei treng så tidleg som mogleg slik at dei får ei god utvikling. All forsking seier at dei første åra er avgjerande for seinare utvikling. Gjennom Barneblikk har vi ein unik moglegheit til å fange opp familiar som treng ekstra støtte.

Fylkesmannen har mellom anna i oppgåve å spreie nasjonal politikk og samordne statleg innsats. I tillegg har Fylkesmannen i Møre og Romsdal hatt barn og unge sin oppvekstvilkår som satsingsområde dei siste åra. Barneblik er  slik i tråd med Fylkesmannen sitt samfunnsoppdrag.

Turid Løvoll Brukar- og pårørande-representant rus

Turid Løvoll Brukar- og pårørande-representant rus

​Grunnen til at eg ble spurt om å være pårørande-representant i styringsgruppa er lang tids aktivitet i Al-Anon. Al-Anon ei sjølvhjelpsgruppe for pårørande av alkohol-misbrukarar. Medlemmene i denne gruppa har veldig ofte blitt spurt om å holde innlegg på pårørandesamlingar mellom anna på Ålesund behandlingssenter. Det har vi gjort med glede.

Eg er no pensjonist, men eg har vore yrkesaktiv frå eg var 17 år. Eg har arbeidd i Telegrafverket, ein periode på sjukehus i England, nokre år til sjøs, kontorarbeid i Trondheim før eg avslutta som kommunalt tilsett dei siste 30 åra med ansvar for journal/arkiv.

Mitt ønske for Barneblikk er at det verkeleg blir eit tilbod med log terskel som er til stades for brukaren når behovet er der. Og sjølvsagt at hjelpa kan være der så tidlig som mulig med god oppfølging over tid. Og at eventuelle pårørande kan  være med - tett på. Så må det sjølvsagt stillast krav både til brukar og pårørande.

Ann Helene Skare  Brukar- og pårøranderepresentant psykisk helse

Ann Helene Skare Brukar- og pårøranderepresentant psykisk helse

Jeg representerer brukerutvalget for Helse Møre og Romsdal i styringsgruppen.
Jeg sitter som nesteleder i brukerutvalget for HMR og er valg inn som representant for kreftforeningen. Eg er pensjonist. Fra yrkeslivet har jeg erfaring fra administrasjon av helsesektoren,
 
Som representant for brukerne håper og forventer jeg at Barneblikk kan bli et redskap som kommer de som trenger det til gode, og at de som trenger det får hjelp på et tidligst mulig tidspunkt.
Mette Grytten Koordinator Barneblikk-satsinga

Mette Grytten Koordinator Barneblikk-satsinga

​I 2016 vart eg tilsett som koordinator for Barneblikk-satsinga og er så heldig å få arbeide med dyktige og engasjerte tilsette i både kommuner og spesialisthelsetenesta. Mitt ønske er at Barneblikk skal bidra til at fleire barn får tidlegare og betre hjelp ved at tenestene arbeider meir tverrfagleg og har ei breiare familietilnærming.

Eg er førskulepedagog og utdanna mellom anna i rus- og avhengigheitsproblematikk. Yrkesbakgrunnen min er frå helsesektoren og skulesektoren, og i fleire år var eg leiar i kommunalt rusteam. Eg har også arbeida med barn som pårørande i Kompetansesenter rus - Midt-Norge. Her var eg mellom anna med å starte gruppertilbud til barn i familiar med rus eller psykiske vansker, og såg kor mykje dette betydde for både barna og foreldra.

Eg har stor tru på at vi i lag skal få til noko spennande og bra i Barneblikk, og er takksam for alle personane som bidreg, anten med eigne erfaringar eller med faglig kompetanse.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.