Vinn-vinn situasjon
For å formidle samarbeidet, utviklinga og nyhende i samband med Barneblikk får Helse Møre og Romsdal hjelp av den studentdrevede organisasjonen Presis Kommunikasjon. Det er ein organisasjon som består av mediefagstudentar ved Høgskulen i Volda. Leiar Pernille Louise Røe er nøgd med samarbeidet:
– Det er eigentleg ein vinn-vinn situasjon, vi får praktisert det vi lærar på høgskulen og gjort det vi liker best, samstundes som vi studerar og Barneblikk får produsert artiklar, bilete og videoar.
Ine Thorgersen (nestleiar), Simen Gald, Hanna Mørk Fossen, Ingvild Brynildsen og Pernille Louise Røe (leiar)Mette Grytten, koordinator for Barneblikk er begeistra for hjelpa dei får:
–Samarbeidet starta i mars i år, men vi er så langt veldig fornøyd med både samarbeidet og kvaliteten. Dei har både vært raske med tekstarbeidet og levert tekster med eit godt språk. Eg kan nok vere ein kontrollfreak, men kjennar at det er trygt å ha dei med på laget for å lage nyheitssakar for oss.
Betre kvalitet
Grytten legg til at det tidlegare nok har vore varierande kvalitet og hyppighet på artiklane på Barneblikk, fordi det vart styrt av tidspresset i forhold til andre oppgåver. Ho meina at nettstaden har ein viktig funksjon og er glad for at dei bestemte seg for å leie inn hjelp.
Framover vil Presis Kommunikasjon fortsette å produsere innhald til Barneblikk, i form av artiklar, brukarhistoriar og foto/video.
Barneblikk webside
Av:
Simen Gald