Trygg Start inn i Barneblikk-satsinga

Trygg Start i Ulstein kommune tilbyr utvida helsestasjonsoppfølging til familiar som treng litt ekstraservice. Målgruppa er familiar som har utfordringar knytt til psykisk helse, rus, vald eller på anna måte strevar, og som ventar barn eller har barn under 2 år.

Se under for navn.

Bildetekst:

Fra venstre: leiande helsesjukepleiar Kristin Meli, Barneblikk-koordinator Mette Grytten, seksjonsleiar for BUP Kari Standal, leiar teneste for psykisk helse og rus Silje Kleven Eriksen, kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde, kommunalsjef Marit Botnen, leiar koodrinerande eining Kari Janne Ringstad, leiar for NAV Anders Norvald Hammer, helsesjukepleiar Jorunn Ingrid Osnes, jordmor Ellen Grete Flø Bersås, familierettleiar Gry Grønmyr Jonberg.

Å få barn er ei stor forandring som mange synes er både fint og utfordrande. Det er ikkje uvanleg å ha blanda følelsar eller praktiske bekymringar i samband med graviditeten og småbarnsperioden. Det kan føre til at noverande «plager» blir forsterka eller at gamle «plager» dukkar opp igjen.  Mange familiar kan difor ha behov for ekstra oppfølging av barnet si utvikling, foreldrerolla, familiesamspelet og om andre utfordringar i kvardagen.

Trygg Start

Trygg Start har både jordmor, helsesjukepleiar, og familierettleiar som tilbyr både fleire og lengre konsultasjonar enn det ordinære helsestasjonsprogrammet. Nokre av dei som nyttar tilbodet kan kjenne seg einsame med tankar om foreldrerolla, nokre bekymrar seg for partnarar som drikk litt mykje, nokre kan slite med angst eller svangerskaps/barseldepresjon, medan andre kan  ha vonde erfaringar frå barndomen. Det kan vere mange årsaker til at foreldre både gleder seg og er uroa for den nye situasjonen med eit lite barn.

Trygg Start er hovudårsaka til at Ulstein kommune er spurt om å være ein av dei fire pilotkommunane i Barneblikk Møre og Romsdal. Ulstein kommune fekk tilskot frå Helsedirektoratet i 2017 for å starte opp tverrfagleg helsestasjon og Trygg Start er no ein del av den faste drifta i helsestasjonen.  Kommunalsjef Marit Botnen meiner at samarbeidet med Barneblikk ikkje vil krev noko nytt av kommunen. «Barneblikk-modellen kan hjelpe oss med å vidareutvikle det vi allereie har», seier ho.

Heile familien

Barneblikk er opptatt av at heile familien til barnet skal få ta del i oppfølginga, slik at ressursane rundt barnet vert styrka. I tillegg er samhandlinga mellom kommunen og helseføretaket sentral i satsinga. Det er viktig at vi saman kan hjelpe familiane på eit tidleg tidspunkt slik at oppfølginga vært mindre inngripande for familien og mindre ressurskrevjande for tenestene.

Ein er no i gong med å etablere ei tverrfagleg prosessgruppe som skal hjelpe Trygg Start med eit sterkare familieperspektiv og sikre ei god samhandling mellom tenestene som møter familiane. Prosessgruppa skal ha representantar frå tenester som møter barna og tenester som møter foreldra, i både kommunen og spesialisthelsetenesta.