Viktigheita av tverrfagleg tidleg tiltak (TTT)

Tverrfagleg tidleg tiltak (TTT) i Molde er eit tiltak som vart starta opp i 2002, retta mot barn under 3 år. Hensikta er å førebygge, eller rette opp skeivutvikling i psykisk helse hos barn. Prematurfødte barn og barn som er adoptert får rutinemessig tilbod om TTT. Ei gruppe er vanskelegare å fange opp; barn som til dømes grunna stoda i heimen, kan vise teikn til skeivutvikling i psykisk helse.

Psykisk skeivutvikling er uønska utvikling, og utan oppfølging frå fagpersonar kan det føre til ei uheldig utvikling på sikt.   Foto: Colourbox

​Psykisk skeivutvikling er uønska utvikling, og utan oppfølging frå fagpersonar kan det føre til ei uheldig utvikling på sikt. Teikn på psykisk skeivutvikling kan vere sein tileigning av sosiale ferdigheitar, uro eller passivitet, søvn - og matvanskar, svak språkutvikling og forseinka utvikling.

Mange ikkje har god nok kjennskap til TTT

I ein rapport frå 2008 konstaterer Toril Amdam og Gunvor Ruset at: “Ei tverrfagleg vurdering vil kunne bidra meir til  at moglege risiko- og beskyttelsesfaktorar vert fanga opp, samt sørgje for at oppfølginga av barnet baseres på eit breiare, fagleg grunnlag.” Rapporten avdekka og at mange ikkje har god nok kjennskap til TTT. 

TTT-prosessen

TTT-prosessen startar med at barnet og familien får tilbod om ein konsultasjon på helsestasjonen. Ein koordinator vurderer kva fagpersonar ein vil ha med i møtet. Naturlege fagpersonar er helsesyster, fysioterapeut, barnevernstenesta og PPT. Fokuset for den fyrste konsultasjonen er å svare på spørsmål frå foreldra samt å kartleggje utfordringar for og bevegelsesutviklinga til barnet. I løpet av møtet fastsetjer ein eventuell vidare oppfølging av ein eller fleire fagpersoner og det vurderas om andre instansar eller fagområder bør inkluderast. 

Barneblikk Molde

I 2017 vart ti barn henvist til TTT i Molde. Familierettleiar Gunvor Ruset meiner at mange fleire kunne hatt behov for hjelp og fryktar store mørketal, særleg blant dei barna som er vanskelege å fange opp. Ruset legger til at “eit tettare og meir systematisk samarbeid mellom instansane vil kunne gje målretta hjelp på eit tidlegare tidspunkt”. Barneblikk Molde sitt familieteam blir eit tiltak i TTT for familiar der nokon slit med si psykiske helse eller har eit usunt bruk av medikament, alkohol eller andre rusmidlar.

Barnehagen

Tilsette i barnehagen tilbringar mange timar med born kvar dag, og har god føresetnad for å sjå kva barn som kan trenge ekstra oppfølging og tiltak.

I 2015 og 2016 gjennomførte helsestasjonen i Molde og HØBB barnehage eit pilotprosjekt, som Ruset vonar vil verte eit fast frivillig tiltak. Tiltaket er ein trekantsamtale mellom foreldre, barnehage og helsestasjon, før ein byrjar i barnehagen. Tilbodet er tiltenkt barn og foreldre som av ulike grunnar har hatt behov for ekstra oppfølging frå helsestasjonen. Ruset samanliknar det med at alle skular har ei helsesyster. Om ein gjennomfører ein trekantsamtale før barnehagestart vil terskelen for kontakt og samarbeid mellom barnehage og helsestasjon vere lågare.

Ta kontakt

Om du har kontakt med eit barn som viser teikn til psykisk skeivutvikling kan du kontakte helsestasjonen, som vil vurdere behovet for ein TTT konsultasjon. Ruset fortel at barnehagar kontaktar barnevernet eller PPT i stor grad, men at TTT er ein instans som kan kome inn før det, samtidig understreker ho at TTT ikkje er ein erstatning for barnevernet ved omsorgssvikt i heimen.