HELSENORGE

Ekstraordinært dialogmøte om den alvorlege økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal HF

Fredag 1. februar inviterer Helse Møre og Romsdal HF til ekstraordinært dialogmøte med kommunane på Scandic Parken i Ålesund.

​Som kjend står Helse Møre og Romsdal HF i ein alvorleg økonomisk situasjon. Styret vedtok i desembermøtet at helseføretaket skal levere eit budsjettforslag som inneheld ein plan om nedbemanning på 200 årsverk. Skal dette bli ein vellykka prosess er helseføretaket avhengige av god medverknad og god kommunikasjon med kommunane.

Det pågår no sonderingar og diskusjonar rundt ulike scenario på alle nivå, og vi ser på moglege tiltak og kva ein oppnår fagleg og økonomisk for å gjere det. Nokre av tiltaka er allereie vedtatt i utviklingsplanen for 2019-2022, nokre er etablerte forbetringsprosjekt medan andre er nye.

I arbeidet med å identifisere moglege tiltak, vert det gjort ei fortløpande interessentavklaring med mål om informasjon og involvering av relevante interessentar. 

For tiltak av vesentleg art som får konsekvensar for annen part, vil det bli gjennomført konsekvensutgreiing. Dette er også i tråd med vedteken samhandlingsavtale mellom kommunane og helseføretaket.

Naturleg nok er det omfattande møteverksemd på mange nivå i organisasjonen vår i samband med dette fram mot styremøtet 24. januar.

Viser også til nyhendesak frå 09.01.2019 som du kan lese HER

Program dialogmøte

Påmelding:

https://www.deltager.no/dialogmote01022019