HELSENORGE

Fastlegane på Søre Sunnmøre møter kvarandre på Volda sjukehus

- For Helse Møre og Romsdal HF det viktig å ha ein møteplass med fastlegene og kommunalt tilsette leger seier praksiskonsulent Stian Endresen.

Fastlegane på Søre Sunnmøre møter kvarandre på Volda sjukehus

​- Fastlegen sin posisjon som henvisere betyr at dei både er «døropnar og portvakter» for pasientstrømmen  inn til Helse Møre og Romsdal HF. Dette gjer at samhandling mellom føretak og denne legegruppa er ekstra viktig.
Fastleger  er avhengig av kontinuerlig oppdatering om Helse Møre og Romsdal sine tilbod. Utover hausten vert det slike møte ved alle sjukehusa i Møre og Romsdal og først ute er legane som soknar til Volda sjukehus.

I Volda

På møt vert det diskutert faglege og aktuelle problemstillingar. I Volda vert det tema som Osteoporose og bruk av DXA måling, spørsmål rundt CT, traumetilbodet i Volda og andre sider av det kirurgiske tilbodet, nytt frå laboratoriet,  dialogmeldingar og ny legevakt i Ørsta/Volda/Hornindal saman med  ny ambulansestasjonen. Den som vil sjå heile liste kan sjå vedlegget.
Fagleg samhandling og relasjonsbygging er nøkkelord.  Ein har valt å ha to slike møte i kvart lokalsjukehusområde per kalenderår. 

Praksiskonsulentar

- Det er vi som er praksiskonsulentar står for førebuing og gjennomføring av desse møta seier Endresen. - Fastleger, kommuneoverleger, sjukehusleger og sjukehusleiarar kjem med forslag om tema og problemstillingar som dei ynskjer tatt opp i desse møta. 

Heile programmet i pdf