Gjennomgang av rutinar
Praksiskonsulentane i Helse Møre og Romsdal HF har, saman med Klinikk for psykisk helse og rus, tatt en gjennomgang av dei rutinar ein har i dag når det gjeld samarbeid og oppgåvefordeling når det gjeld å følge opp dei somatiske helseplagene til desse pasientane. Pasientane har ofte behandling både i 1. og 2. linje samtidig og det er viktig med god arbeidsfordeling slik at en har koordinerte pasientforløp og ikkje parallelle forløp der det same vert gjort 2 gangar eller det er det same som ikkje vert gjort.
Møteplass Møre og Romsdal dokument
Dei som behandlar desse pasientane både i kommunar og i Helse Møre og Romsdal består av behandlarar med ulik bakgrunn og somatisk kompetanse . Dette er ulikt de andre klinikkane. Ein har valt å lage eit skriftlig Møteplass Møre og Romsdal dokument av tre grunner:
1)Sikre at desse pasientgruppene får god somatisk oppfølging.
2)Pasient trygghet . Pasient og pårørande skal vite kven som har ansvaret for oppfølginga av dei somatiske helseplagene til ei kvar tid i behandlingsforløpet.
3)Ein ønsker å sette fokus, både blant de tilsette i HMR og hos fastleger/andre behandlarar i kommunen, på viktigheten av å følge opp somatisk helseplager og levesett hos menneske med psykiske helseplager og rus.
Brukarutvalet
Brukarutvalet stiller seg bak det arbeidet som er gjort med å lage ei felles retningslinje for spesialist og fastlege. Dei meiner at dette vil gje ei føreseieleg behandling for pasienten og førebygge at pasienten blir kasteball i systemet. Det er viktig at pasientar med psykiske lidingar og rusproblem får same behandling som andre.
Implementere rutinane
Dokumentet er sendt ut til alle overlegar i Helse MR slik at dei har hatt høve å uttale seg og dokumentet er godkjent i Felles behandlarfagråd i Møre og Romsdal . Dokumentet er vedlagt og ligger på heimesida til samhandlingsseksjonen.
Det er viktig at leiinga gjer at alle behandlarar tek dette dokumentet på alvor og implementere rutinane i arbeidskvardagen og i møtet med pasienten.
Møteplass Møre og Romsdal dokument