FIRE-Stiftelsen ett skritt videre

Månadens tiltak i november

FIRE er ein sentral samarbeidspartnar for Barneblikk i Kristiansund og snart i Molde. Difor ynskjer vi presentere organisasjonen nærare. Dei er plukka ut som månadens tiltak i november.

Barna kan være med å delta og sjå kva foreldra er med på. Dette skaper tryggheit for barna og er også en god arena for samvær.

Trygt og rusfritt miljø

«FIRE-Stiftelsen ett skritt videre» er et fritidstilbod til alle som trenger og ønskjer eit trygt og rusfritt miljø. FIRE meiner at trygge rammer og faste treningar er sentrale faktorar for å halde seg fysisk og psykisk frisk og for å oppnå varige, positive endringar i livet. Kjerneverdiane til FIRE er toleranse, å vere ærleg, mestring og glede.
FIRE har avdelingar i Kristiansund, Stjørdal og Trondheim. I løpet av 2017 kommer vi til Molde. FIRE Kristiansund starta i september 2015 med tilbod om innebandy og fotball. Vi utvida etter kvart aktivitetane til å gjelde sykkel, klattring, grunntrening, fri-luftsliv, lunsj på FIRE huset og FIRE arbeid, som er arbeidstrening.

Aktiviteter

Det er mange årsaker til at menneske trenger hjelp til å komme seg eitt skritt vidare i livet sitt. Det kan mellom anna være rusrelatert, dårlig psykisk og fysisk helse, mang-lande sosialt nettverk eller relasjonar som er brotne. FIRE legger til rette for aktiviteter fordi vi har stor tro på de positive vakningane for enkeltmennesket, barnefamiliar og andre relasjonar. Ved å hjelpe foreldra, hjelper ein barnet indirekte. Barna kan være med å delta og sjå kva foreldra er med på. Dette skaper tryggheit for barna og er også en god arena for samvær.

Medlemmane sine opplevingar

Det er til sjuande og sist medlemmane sine opplevingar og meininga som seier kor-leis FIRE fungerer for dei. Nokre sitat seier litt:
- FIRE gir opplevingar.
- For første gang opplevde eg å bli heia på!
- Eg har klart å holde meg rusfri og gjennom det fått oppretta ny kontakt med sonen min.»
- Endelig inkludert!

Finansiering

Helsedirektoratet har støtta FIRE sidan 2009; NAV har gitt midlar til FIREarbeid sidan 2011. Gjensidigestiftelsen har bidrege med midlar til utforminga av FIREpakka og EXTRA-Stiftelsen støtta oss med å etablere oss i Kristiansund. I tillegg får vi støtte i form av tenester og sponsormidlar frå fleire lokale firma.

Kontaktinformasjon til FIRE: