- Kurset vi no skal halde 4. og 5. mai er utviklet for å passe hjelparar med ulik faglig bakgrunn, som i sitt virke møter menneske som er nær sjølvmord, og for frivillige og andre som i sine ulike roller kan komme i en hjelpeposisjon overfor menneske der sjølvmord er eit tema, fortel kursleiar Bård Tokle.
- Sjølvmord som tema rører og kurset utfordrar på mange plan. Dersom du er i en livssituasjon kor du sjølv har behov for hjelp med tankar om sjølvmord anbefaler vi at du oppsøker hjelp og heller deltar på kurs ved ein seinare høve fortsetter Tokle.
Eit verktøy
Førstehjelp ved fare for sjølvmord gir eit verktøy for korleis vi kan sjå og møte menneske som tenker på sjølvmord. I løpet av kurset vert deltakarane bevisstgjort i høve eigne haldningar til sjølvmord, vi gjennomgår kunnskap om sjølvmordsåtferd og viser ein modell for intervensjon ved fare for sjølvmord.
På kurset lærer ein:
• Oppdage menneske som har det vanskelig og kan være i fare for sjølvmord
• Stille direkte spørsmål om tankar om sjølvmord
• Hjelpe personen i fare for sjølvmord til å snakke om det som er vanskelig
• Arbeide med usikkerheten leve eller dø
• Lage og iverksette ein plan med vedkommande, kor målet er å berge liv
• Bruke hjelperessursar i lokalsamfunnet
Prehospital avdeling Helse Møre og Romsdal HF er arrangør av kurset.
Praktisk informasjon.
Du finner detaljert informasjon her: https://helse-mr.no/arrangementer/forstehjelp-ved-selvmordsfare-vivat-2019-05-04
Bindande påmelding innan mandag 15. april kl. 12.00 på epost: : bard.tokle@helse-mr.no
Det er berre 24 kursplasser og melding om du er tildelt plass eller ikkje vert sendt ut 18. april.
Påmelding skal innehalde:
Namn, mobilnummer, e-post, stilling /yrke, arbeidssted og matallergiar. Opplys også om du ønsker å stå på venteliste ved eventuelt forfall. For personell utanfor Prehospital avdeling må også fakturadresse være med.
Ønskes ytterligare informasjon kan du kontakte kontakt kursleiar Bård Tokle, Mobil 996 996 80, Epost: bard.tokle@helse-mr.no
og sjå her: http://www.vivatselvmordsforebygging.net/
NB! Det er obligatorisk å være til stades på heile kurset.