Nevrologisk avdeling ved Molde sjukehus har dei siste åra arrangert kurs for pasientar med Parkinson og deira pårørande. I år er kursa endra frå to-dagars kurs til å vere ein dag. Dette for å gjere det enklare for dei som bur andre stader å delta.
Det fins to ulike kurstilbod for personar med Parkinson i Molde, i tillegg til eit tilbod i Ålesund som nyleg har vore gjennomført. Dei komande kurstilboda i november er eit kurs for personar som relativt nyleg har fått diagnosa i tillegg til eit eige kurs for dei som har hatt sjukdomen meir enn 5 år. Tilbodet for dei som har hatt sjukdomen lenge er eit heilt nytt tilbod.
Meir informasjon om Parkinsontilbodet
Dato: Kurs for deg som er nydiagnostisert - 22.november 2022.
Kurs for deg som har hatt diagnosen i over 5 år - 24.november 2022.
Stad: Festsalen, Molde sjukehus for begge kursa.
Tema: Sjukdom og behandling, brukerhistorie, logopedi, ernæring, fysisk aktivitet m.m.
Påmelding: For å delta må lege sende tilvising til nevrologisk inntakskontor ved Molde sjukehus. Oppgi kva for eit kurs du ynskjer å delta på og om pårørende vil vere med. Pårørande treng ikkje eiga henvisning og vert oppfordra til å delta.