HELSENORGE

Gode regionale samlingar i læringsnettverket for Framtidsretta pasientforløp for den eldre multisjuke pasient

Det har blitt gjennomført fire regionale samlingar i læringsnettverket med god deltaking frå forbetringsteama i kommunane  og helseføretaket.

Ålesund

​Tematikkane i samlingane var etterspurt av forbetringsteama som arbeider med iverksetting pasientforløpet. Målet med samlingane var særleg å  lyfte fram «Kva er viktig for deg? – samtalen».  Dette spørsmålet og samtala utgjer  verdigrunnlaget i pasientforløpet.  Ei slik samtale skal sikre fokus på pasienten sine preferansar, mål  og ressursar. Prosessrettleiar Hege Steinsland leia workshopen. Tilbakemeldingane etter arbeid i grupper viste engasjement og interesse for å kome i gang med «Kva er viktig for deg? – samtalen» både i kommunane og helseføretaket. Sjå også rapporten «Kva er viktig for deg?» (vedlagt).

Stian Endresen

Praksiskonsulentane hadde innlegg om fastlegen sin rolle i pasientforløpet. Stian Endresen introduserte   «Samhandlingsplakaten» (vedlagt) som viser god skikk og bruk i samhandlinga mellom behandlarar i pasientforløpet.
Synnøve Melseth, Elin Dybvik Molvær og Kathrine Enebakk hadde kvar sine innlegg om arbeidet med kvalitetstavler og målemetodikk. Bruk av kvalitetstavler, og det å måle effekt av dei tiltak ein set i gong, er i startfasen for dei fleste forbetringsteama. Det er stort engasjement for å kunne måle og vise til resultat av satsinga. Samtidig er det etterspurt meir fagleg påfyll for å bli trygg på metodikken.

Ulsteinvik
Utviklingssenteret for sykehjem og hjemmetjeneste var ein viktig bidragsyter for å kunne gjennomføre desse regionale  samlingane.

Den fjerde og nest siste samlinga for heile læringsnettverket  er lagt til  Ålesund 20. og 21.  mars. I den samanheng vil det bli  gjort ein status i satsinga og peike på retninga for det vidare forbetringsarbeidet. I samlinga  vil det bli  eit særleg fokus på det å førebygge funksjonsfall/sjukdomsutvikling for pasientane, betre samarbeidet mellom samhandlande partar,  og Helseplattforma som framtidig journalløysing.

Kristiansund

Presentasjonar og dokument frå samlinga:

Rapport frå arbeidet i workshop.
Samhandlingsplakat for behandlarar
Synnøve Melseth: Tavlemøter – ein god måte å integrere forbedrignsarbeid i daglig drift
Stian Endresen: Fremtidsrettet pasientforløp for de eldre multisyke pasientene
Andreas Nybrott Hals: Helhetlig pasientforløp - Fastlegens rolle hos eldre, multisyke pasienter