Heilskapleg evalueringsprosess av Samhandlingsavtalane

Helseføretaket og kommunane har inngått ei Samhandlingsavtale som tredde i kraft frå 2012 og som har vore revidert ved to høve.

Samhandlingsdirektør Tor Åm frå St. Olavs hospital og samhandlingsleiar Runar Asp frå Værnesregionen presenterte sine erfaringar med Samhandlingsavtalane i Sør –Trøndelag.

​Forpliktande samarbeidsavtalar vart innført som eit av fleire verkemiddel for å understøtte Samhandlingsreformas intensjonar.  Føremålet er å utvikle helsetenester som er samordna og som evnar å maksismere nytten av tilgjengelege ressursar på best mulig måte.

Samarbeidsavtalane skal tydeleggjere ansvars- og oppgåve forhold og konkretisere korleis kommunar og helseføretak skal samarbeide om helse- og omsorgstenestene.

Utvikle avtaleverket

Det er behov for å utvikle avtaleverket slik at Samhandlingsavtalen får nødvendig legitimitet og kan bidra til ei ønskja utvikling av helsetenestetilbodet i Møre og Romsdal. Dette krev ei nytenking rundt prosess, struktur og avtalen si form og innhald.

Workshop

Det blei gjennomført workshop 7. november med denne målsettinga: Sikre medverknad i ein heilskapleg evalueringsprosess av Samhandlingsavtala for helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal.
Det var invitert 2 deltakarar frå kvar kommune, leiarar frå helseføretaket, brukarrepresentant, representant frå Fylkesmannen samt medlemmar frå Overordna samhandlingsutval. I alt vel 60 deltakarar.
Samhandlingsdirektør Tor Åm frå St. Olavs hospital og samhandlingsleiar Runar Asp (bilde) frå Værnesregionen presenterte sine erfaringar med Samhandlingsavtala i Sør –Trøndelag.

Workshopen var  to-delt

Gjennomføringa av workshopen var  to-delt. I workshopen  del 2 deltok åtte valte representantar frå kommunane og åtte representantar frå  helseføretaket.  I workshopen sin del 2 blei det konkludert med at evalueringa hadde avklart at det var ønskjeleg med ei revidering av eksisterande samhandlingsavtale. Det blei og bestemt at ein skal bruke god tid med brei involvering av relevante partar ved revisjon av Samhandlingsavtala.

Program:

Program for workshop 7. november. Evaluering av Samhandlingsavtalen.pdf

 

Presentasjonar frå workshopen

Vårt felles utfordringsbilde 071117.pdf

Erfaringar frå avtaleprosess - kommuneperspektivet - Værnesregionen.pdf

Kommunane i Sør-Trøndelag og St.Olav hospital - evaluering av samarbeidsavtalane.pdf

Samhandlingsavtalane sett frå kommunesida nov 2017.pdf