Formålet med Partnarskapsmøte er å vere ein møteplass for å utvikle helsetenestene til det beste for befolkninga i Møre og Romsdal, herunder å informere om utfordringar, skape ei felles forståing og forankre strategi for å løyse felles utfordringar.
Dei to hovudtema i møtet var «
Helsepersonellkommisjonen sin rapport NOU 4:23» og
«Korleis handtere situasjonar med fulle sjukehus og stort press på helsetenestene i kommunane inn mot høgtider/ferier og bølgjer med covid/influensa».
Tidlegare ekspedisjonssjef i Helse- og omsorgsdepartementet og spesialist i samfunnsmedisin, Petter Øgar, heldt eit særs interessant innlegg som grunnlag for dialog i grupper knytt til Helsepersonellkommisjonen sin rapport.
Fastlege og praksiskonsulent Thilde Svela innleia godt og balansert til diskusjon på korleis ein saman betre kan handtere stort press på helsetenestene inn mot høgtider, ferier og bølgjer med covid og influensa.

Frå Partnarskapsmøte mai 2023
Elles vart årsrapporten for helsefellesskapet i Møre og Romsdal godkjend og konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal Heidi Nilsen, og kommunedirektør i Ulstein kommune Verner Larsen, gav ei kort orientering om utfordringsbilete sett frå høvesvis helseføretaket og kommunane si side.
Til slutt vart to samarbeidsprosjekt presentert som gode døme på nye måtar å jobbe på. Dette er Pasientsentrert helsetenesteteam i Ålesund (PSHT Ålesund) og Digitalt heimesjukehus ved Neonatal intensiv ved Ålesund sjukehus . Du kan lese meir om desse prosjekta ved å følgje lenkene i teksten.
Les meir om Partnarskapsmøte her