Samhandlingssjef Eli Otterlei seier vidare at særleg hovudavtalen og Delavtale 1 er utfordrande å lande. I tillegg må ein sjå på om det er behov for å opprette ein eigen delavtale for barn og unge med samansette vanskar og lidingar. Korleis kommunane og helseføretaket skal utvikle og planlegge tenestene saman, skal også konkret skildrast jf. ny rettleiar for samarbeidsavtalar mellom helseføretak og kommunar.
Her finn du info og noverande samarbeidsavtale mellom kommunar og helseføretak
Hovudavtalen skildrar organiseringa av samarbeidsstrukturen i Helsefellesskap Møre og Romsdal. Det var i oktober 2019 at KS og dåverande regjering inngjekk avtale om å opprette 19 helsefellesskap i landet, eitt i kvart fylke. Målet var å skape ei meir samanhengande helse- og omsorgsteneste mellom primær- og spesialisthelsetenesta. Helsefellesskapet Møre og Romsdal består av 3 nivå. Partnarskapsmøte, Strategisk samarbeidsutval, lokale samarbeidsutval og faglege samarbeidsutval.

Oversikt Helsefellesskap og dei tre organisatoriske nivåa
Ikkje alle helsefellesskap opererer med både lokale samarbeidsutval og faglege utval på nivå 3. I forhandlingsprosessen vil ein sjå på om ein kan forenkle strukturen noko, slik at ein sikrar meir fokus på dei fire prioriterte pasientgruppene:
- Barn og unge
- Personar med alvorleg psykisk sjukdom og rusproblem
- Skrøpelege eldre
- Personar med fleire kroniske lidingar
Delavtale 1 omhandlar samarbeid om koordinering av tenester, samt innlegging og utskriving frå sjukehus. Ein viktig del av denne avtalen gjeld helseføretaket si varslingsplikt og kommunane si betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar. Dette er sentrale punkt i avtalen som særleg omhandlar innlagde pasientar som treng kommunale tenester etter utskriving frå sjukehus.
Når vi no går inn i ein ny forhandlingsrunde er det viktig at samarbeidsavtalen forankrast på politisk, fagleg, administrativ og klinisk nivå. Forhandlingsdelegasjonen frå HMR HF er særs opptatt av det sistnemnde - at det vi avtalar er gjennomførleg i den kliniske kvardagen, seier samhandlingssjef Otterlei.
Medlemmar i forhandlingsutvalet
Frå kommunane:
Kjetil Leirbekk – Kommunedirektør Averøy kommune (NIPR)
Cato Innerdal – Kommuneoverlege Molde kommune (ROR)
Guri H. Reiten – Advokat Ålesund kommune (SR)
Ragnhild Aarflot Kalland – Leiar forvaltningskontor Volda kommune (SR)
Eilin Reinaas – Brukarrepresentant kommune
Stian Endresen – Leiar for praksiskonsulentordninga, fastlege i Ulstein kommune
Marianne Stokkereit Aasen – KS-representant, kommunedirektør Molde kommune
Frå Helse Møre og Romsdal HF:
Eli Klara Otterlei – Samhandlingssjef HMR HF
Jan Rino Austdal - Advokat HMR HF
Kjetil Lundberg – HR-direktør HMR HF
Trude G. Solenes – kvalitetsrådgjevar Klinikk SNR Stab
Paula Ness Skaar - Brukarrepresentant HMR
Sekretariat:
Oddvar Marøy – Samhandlingskoordinator Søre Sunnmøre
Karethe Kristoffersen Aam – Rådgjevar Samhandling