Kva er Helsefellesskap
Etablering av helsefelleskap skal vere med å sikre prioritering av tenester til dei pasientane som treng det mest. Helsefellesskapa skal særskilt prioritere tenester til fire pasientgrupper: born og unge, personar med alvorlege psykiske lidingar og rusavhengige, skrøpelege eldre og personar med fleire kroniske lidingar. Samarbeid mellom kommunehelsetenesten og spesialisthelsetenesten er ikkje noko nytt sjølv om organiseringa i helsefellesskap er av nyare dato. Helsefellesskap Møre og Romsdal er altså ei vidareutvikling av tidlegare samarbeidsstruktur.
Du finn informasjon om alle ulike utval, medlemar, referat, handlingsplanar inkludert noværande samarbeidsavtale på nettsidene til Helsefellesskap Møre og Romsdal
11 av dei 12 faglege samarbeidsutvala i helsefellesskapet har utarbeidd nye handlingsplanar som konkretiserer ansvar og oppgåver i kommunar og helseføretak. Nokre av dei faglege samarbeidsutvala er vidareføring av tidlegare samhandlingsutval med revidering av planar og andre er heilt nye samarbeidsutval.
Prioriteringar vidare i Helsefelleskap Møre og Romsdal
- Førebuing til revisjon av samarbeidsavtale for perioden 2025 - 2028
- Implementering og gjennomføring av tiltak i handlingsplanar frå faglege samarbeidsutval
Helsedirektoratet offentleggjer fleire gongar årleg eit nyhendebrev, der viktige saker frå ulike helsefellesskap i landet vert trekt fram.