Helsepersonell må ha kunnskapar om KOLS

Torsdag 24. og fredag 25. januar var 200 helsepersonell samla til fag i geriatri ved Høgskulen i Volda. Fokuset var på KOLS og gode pasientforløp. Sjustjerna helse og omsorg, Helse Møre og Romsdal og Høgskulen i Volda var arrangørar.

200 på fagdag om geriatri og KOLS i Volda                        Foto: Mona Ryste

​Gjennom fagdagen vert vi kjend med Ola (81). Ola har KOLS og behov for tilrettelegging, men kva er viktig for han i møte med hjelpeapparatet?

Sjølv om Ola er ein fiktiv person er sjukdomen og utfordringane han opplev reelle. Mange har desse sjukdommane og helsepersonell i kommunane møter dei dagleg.  Gjennom ein slik fagdag får helsepersonell på tvers av dei sju kommunane dele erfaringar i om denne brukargruppa.

Det vart sett fokus på kva som er viktig for pasienten, utfordringar og moglegheiter for fastlegen, sjukdomsbiletet, rehabilitering og ernæring, samt livet si siste fase for pasienten.

– Ved å arrangere fagdagane bidreg ein til kunnskapsheving og deling av kunnskap blant helsepersonell på søre. Målet er å greie ut og behandle pasientane best mogleg, samt fordele oppgåvene mellom pasienten sjølv, kommunane og sjukehuset, seier Stian Endresen, fastlege og praksiskonsulent i Helse Møre og Romsdal.

10 år med samlande fagdag

– Kvart år samlar vi mellom 150–200 helsepersonell frå sjukehuset og kommunane, for å styrke arbeidet i regionen og utnytte ressursane våre på best mogleg måte. Dei siste åra har også høgskulen blitt involvert, då dei har stor kompetanse som kurshaldarar, fortel Endresen.

Det er kommunane som finner fram til kva som bør være tema og det gjer at det vert målretta mot behov som kommunane føler dei har. Eit god samarbeid med høgskulen og helseføretaket gjer det enkelt å arrangere. Blant kursdeltakarane finn ein ulike faggrupper, som legar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, ernæringsfysiologar og helsefagarbeidarar.

– Kurset er ope for alle som arbeider innan helse. Dei siste åra har fleire kome til frå andre stadar, som frå Nordfjord og Nordre Sunnmøre, noko som er kjekt å sjå! Vi er opptekne av å nytte lokale føredragshaldarar, for det er mykje kompetanse både på sjukehuset og ute i kommunane. Vi inviterer også eksterne føredragshaldarar, seier Endresen.

Pasienten i fokus

– I sjukehustalen la helseminister, Bent Høie, vekt på viktigheita kring å involvere pasientane i arbeidet. I alle føredrag er det fokusert innsats på kva som er viktig for Ola i møte med helsepersonalet og sjukdomen, seier Mona Ryste, avdelingsleiar for medisin ved sjukehuset i Volda.

Ola har kols, men han representerer også eldre med fleire sjukdommar, dei multisjuke pasientane. Det er viktig å få fram stemma til brukaren for det er dei som kjenner sjukdommen på kroppen. Det var Arne Kåre Tennebø, Fylkesleder i LHL, som bar fram brukaren sin stemme. Han har KOLS grad 4 og fortalte korleis sjukdommen påverka han i kvardagen. Kvardagslege gjeremål som å ta ein dusj eller plukke opp noko som har ramla på golvet er oppgåver som han må samle krefter for å gjere.

Tennebø la vekt på at helsepersonell må ha kunnskapar om KOLS og gi og informasjon til pasientar som nyss har fått ein KOLS-diagnose slik at dei forstår og vert motivert til å gjere det som er naudsynt for å mesitre sjukdommen. Dette var forsterka gjennom innlegget til lungesjukepleier Hildegunn Rotnes kor det kom fram at fleire pasientar har fortalt henne om at det positive vendepunktet i møte med helsevesenet kom da dei hadde vore på eit lærings og mestringskurs eller på eit rehabiliteringsopphald.

Norges Astmaforbund (NAAF) og LHL er dei brukarorganisasjonane som dekker KOLS-diagnosen og dei var begge representert med stands. Dei var veldig fornøyd med dagane. Mange var innom standen og snakka med dei og det forsvann mange fleire brosjyrar om KOLS og andre diagnosar enn dei hadde rekna med. Det er viktig at helsepersonell er klar over det arbeidet som brukarorganisasjonane gjer og at dei kan og vil være ein samarbeidspart med helsetenestene.

– Det vert stadig fleire eldre med fleire sjukdommar, og utfordringa er korleis ein som kommune og sjukehus skal samarbeide i behandlinga av desse pasientane. Samhandlingskompetanse er heilt sentralt, og det er ein stor verdi at kommunane og sjukehuset kan kome saman og opparbeide kunnskap og kjennskap til kvarandre på tvers av fagfelta. Dette fører til eit betre samarbeidsklima, held Ryste fram.

– Det handlar om å sjå det heilskaplege pasientforløpet. Ved å følgje Ola tett og få informasjon om kva som skjer i kvart ledd, vert det eit heilskapleg samarbeid, seier Gro Anette Frøystad Voldsund, koordinator i Sjusterna helse og omsorg.

Kan hindre reinlegging på sjukehus

Det var eit ynskje frå kommunane spesielt at «kols og gode pasientforløp», vart årets tema.

– Når ein kjem opp i den alderen som Ola er i, ser vi at det er mykje reinleggingar på sjukehuset. Ved å arbeide meir kvalitetsbevisst gjennom heile behandlingskjeda, kan ein hindre unødige innleggingar, seier Ryste.

– Dessutan vil Ola i størst grad vere heime, han vil hindre ny sjukdom, og dersom han vert sjuk vil han meistre det sjølv med minst mogleg innblanding av pårørande og helsearbeidarar. Det er viktig for Ola å vere i kontroll, seier Endresen.