Meir om kurstilbodet
Kurset finn stad 5. og 13. juni og er arrangert av Medisinsk avdeling ved Molde sjukehus i samarbeid med Stoffskifteforbundet og Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal.
Kurset er eit såkalla hybridkurs der kurset vert halde fysisk ved sjukehuset i Molde med digital overføring og fysisk oppmøte også ved sjukehuset i Ålesund, Volda eller Friskliv og mestring i Kristiansund.
Du vil mellom anna få lære meir om hypo- og hypertyreose, behandling, kosthald, legemiddel og rettar. I tillegg innlegg frå brukarrepresentant, informasjon frå Stoffskifteforbundet og god tid til erfaringsutveksling og spørsmål.
Tilvising og oppmøte
Ynskjer du å delta må du få tilvising frå fastlege/behandlar som skal sendast elektronisk til
medisinsk poliklinikk ved Molde sjukehus. Skriv på henvisninga om pårørande ønsker å delta saman med deg eller om det er andre omsyn. Påmeldingsfristen er 18. mai.
Dersom du ikkje gir anna beskjed, forventar vi at du møter på kursstaden nærast deg:
Kristiansund: Storhaugen Helsehus (Friskliv og mestring)
Molde sjukehus: Festsalen
Ålesund sjukehus: Auditoriet
Volda: Kløvertun (Lærings- og meistringssenteret)
Ta med eigen matpakke, det er også moglegheit for kjøpe lunsj i kantine/kiosk. Det vert servert kaffi/te.
Les meir om kurstilbodet her
Les meir om tidlegare stoffskiftekurs i denne nyhendesaka