Kva er viktig for deg?-dagen 9. juni 2021

Kva er viktig for deg - i møte med helsetenester?

Er det nokon som har spurt deg om kva som er viktig for deg? Eller er dette eit spørsmål som du er vant til å spør andre?  Spørsmålet og samtalen rundt dette temaet blir vurdert som så viktig at det har fått sin eigen dag. «Kva er viktig for deg?-dagen» 


Portrettbilde av åtte brukarrepresentantar og teksten

Kva er viktig for deg dagen blir feira 9.juni og blir markert på ulike måtar i over 50 land.  Initiativet til dagen starta i Noreg gjennom læringsnettverket for «Gode pasientforløp» i regi av KS og Folkehelseinstituttet. På denne dagen blir alle tilsette i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta oppfordra til å trene på å spør alle sine pasientar og brukarar om «Kva er viktig for deg?» - uavhengig av alder og helsetilstand.

Hensikta med spørsm​​​ålet

Det å vere aktiv i utforminga av eigne mål aukar motivasjon og styrker meistringskapasiteten hos oss menneske. Når fokuset blir flytta frå diagnosar til samtalar om kva som er viktig i livet, kan pasientar og ev. pårørande saman med helsepersonalet diskutere korleis merksemda blir på livskvalitet og kva som er viktig i livet til tross for sjukdom og eller tap i funksjonsnivå. Då er det viktig å ha kunnskap om kva ressursar den einskilde har til å handtere dei aktuelle helseutfordringane og på kva område ein treng hjelp og støtte. For å finne ut av det, så treng vi ei «Kva er viktig for deg samtale». 

Deltaking i læring​​snettverk for gode pasientforløp

Nesten alle kommunane og dei fire sjukehusa i fylket har delteke i læringsnettverket for «Gode pasientforløp for eldre og kronisk sjuke». Spørsmålet «kva er viktig for deg?» er verdigrunnlaget læringsnettverket er bygd på. Formålet er å flytte fokuset frå «kva er det som feilar deg?» til «Kva er viktig for deg?». Deltaking i læringsnettverket har vore inspirerande. Vi har mellom anna brukt kunnskapen til å løfte fram aktuelle tema som aller mest handlar om brukarmedverknad og at pasientar og brukarar deltek i utforming av eigne tenester ut frå behov og føresetnader. 

Då vi feira Kva er viktig for deg dagen i 2018 fekk vi inn hundrevis av svar frå pasientar og pårørande. På bakgrunn av desse svara utforma Brukerutvalet i Helse Møre og Romsdal plakaten «7 råd til helsepersonell» (sjå boks). I 2020 blei filmen  «Kva er viktig for Daniel?» laga etter at vi hadde kartlagt kvifor at det viktige spørsmålet ikkje alltid blir stilt. Filmen som tydeleggjer at «kva er viktig for deg?» er meir ein samtale enn eit spørsmål. Sjå filmen "Kva er viktig for Daniel"


Kva er viktig for deg? 

Anten vi er hjå fastlegen, heimetenester eller er på sjukehus, så er det bra om vi som pasientar veit kva som er viktig for oss, sjølv om dette også kan vere vanskeleg å svare på. Dei som undersøkjer oss og vil kome med råd om korleis problema våre kan løysast, treng den informasjonen. Det er ikkje alltid det helsepersonell trur er viktig, faktisk er det som er viktig for den einskilde. Spørsmålet Kva er viktig for deg? må bli stilt kvar dag heile året. Beslutningar bør bli tatt i fellesskap. Så lenge det ikkje er snakk om akutt helsehjelp for å redde liv, har vi vanlegvis tid  til ei samtale om kva som er viktig  - også når vi blir alvorleg sjuke. 

Når ein får ei ​alvorleg diagnose

Alle kommune og dei fire sjukehusa i fylket har samarbeid tett om innføring av palliativ plan. I denne planen er spørsmålet «kva er viktig for deg» heilt sentralt. Palliativ plan er eit tilbod til den som får ein sjukdom eller tilstand som ein ikkje kan bli frisk av og som kan føre til forkorta levetid. Det er viktig at ein slik plan blir laga så tidleg som mogleg. Planen kan ein ha over mange år. Det å få ein alvorleg sjukdom kan føre til store utfordringar og bekymringar både for den som er sjuk og dei som er rundt. Planen kan hjelpe og bidra til gode prosesser med auka tryggleik og tillit for alle partar. Vi får gode tilbakemeldingar om nytta av ein slik plan frå både pasientar, pårørande og helsepersonell.
Den som tenker at ein slik plan kan vere aktuell, så ta kontakt med din fastlege. Meir informasjon finn du på helse-mr.no/palliativplan​. 

Det ​som er vi​ktig for deg

Like viktig som at spørsmålet blir stilt, er at helsepersonell faktisk lyttar til det som blir svart. Dette krev at ein  som helsepersonell er interessert i kva som er pasienten sitt problem og kva pasienten kan gjere og ønsker å gjere i den aktuelle situasjonen. Dette kan etter kvart føre til gode relasjonar i behandlinga og bidra til at fleire pasientar får rett behandling på rett nivå. 

«Kva er viktig for deg?- dagen» i 2021

I år blir det mogleg å sjå kva fleire pasientar, brukarar og fagpersonar frå ulike organisasjonar viser til som er viktig for dei på vegne av seg sjølve og organisasjonen dei representerar. Dette kan du sjå på Helse Møre og Romsdal på Facebook​, og kanskje også på nettsida og/eller facebooksida til kommunen din.

Vi ønsker alle ein flott og inspirerande «Kva er viktig for deg? – dag» 9.juni.