- Gode pasientforløp handlar om å sikre overgangane innafor og mellom tenestenivåa. Det handlar også om å gjennomføre tiltaka slik at pasientar i størst muleg grad opprettheld funksjonsnivå seier spesialrådgivar Britt Valderhaug Tyrholm i Seksjon for samhandling.
- Det er nødvendig å lytte til pasientane sine opplevingar for å lære, forbetre og utvikle treffsikre tenester. Det er og viktig at pasientane har eit medansvar og eigarskap til eigen behandling og oppfølging.
I januar 2019 skal det gjennomførast regionale samlingar i læringsnettverket for «Framtidsretta pasientforløp for den eldre multisjuke pasient». Dette læringsnettverk omfattar dei tverrfaglege forbetringsteama ved alle sjukehusa og nesten alle kommunane i fylket. Det vert samlingar i Ulsteinvik, Ålesund, Molde og Kristiansund.
- Målgruppa for samlingane er forbetringsteama i sjukehus og kommunar seier Tyrholm, men det er eit ynskje at faglege og administrative leiarar både i føretaket og i kommunar deltek på samlingane. Dette for at dei skal vere kjent med og kunne understøtte tiltaka i satsinga framover.
Iverksetting av «Framtidsretta pasientforløp for den eldre multisjuke pasient» er den største og mest konkrete samhandlingssatsinga i Møre og Romsdal. Det er no fått på plass eit svært godt og relevant program for dei fire regionale samlingane. Tema tar utganspunkt i tilbakemeldingar frå forbetringsteama i sjukehusa og kommunane.
Samlingane skal gå slik:
Tyssdag 15. januar: Holsekerdalen 20, Ulsteinvik
Torsdag 17. januar: Bystyresalen i Rådhuset, Ålesund kommune
Tysdag 22. januar: Bystyresalen , Rådhuset i Kristiansund kommune
Onsdag 23. januar. Rådhussalen Rådhuset, Molde kommune
PROGRAM
kl 0900 - 0915: Velkomen. Status i satsinga og formålet med dagen. v/ Britt Valderhaug Tyrholm
Kl 0915 - 1200: Workshop: «Kva er viktig for deg? – samtalen». v/ Hege Steinsland
Kl 1200 - 1245: Lunsj
Kl 1245 - 1345: Målemetodikk og kvalitetstavler v/ Synnøve Melseth/Kathrin Enebakk
Kl 1345 - 1400: Beinstrekk
Kl 1400 - 1445: Fastlegen si rolle i pasientforløpet. v/ praksiskonsulent Stian Endresen/Håvard Jendem/Andreas Nybrott Hals. Presentasjon og diskusjon.
Kl 1445 - 1515: Diskusjon i det enkelte team om korleis kome vidare i eigen prosess. Rettleiar deltek i teama
Kl 1515 - 1530: Oppsummering , evaluering og avslutning
Endringar i programmet kan skje
Påmelding i Læringsportalen
Samlingane har ikkje kursavgift og det vert servert lunsj.