HELSENORGE
– Viktig arena for samhandling

Møteplass Møre og Romsdal

– Fastlegane, legar i kommunane og Helse Møre og Romsdal HF må ha ei god samhandling. Felles legemøte/fastlegemøte er difor svært viktig, seier praksiskonsulent Stian Endresen.

Praksiskonsulent Stian Endresen

​– Fastlegen sin posisjon som tilvisarar betyr at dei både er «døropnarar og portvakter» for pasientstraumen inn til Helse Møre og Romsdal HF. Samstundes er fastlegar avhengig av ei kontinuerleg oppdatering om HMR sine tilbod.

– Vi har i alle år hatt eit særs godt samarbeid mellom fastlegane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF sine behandlarar. Dei siste åra har ein jobba for å få på plass slike møteplassar ved alle lokalsjukehus. Møta er no forankra i  samhandlingsseksjonen i fagavdelinga i helseføretaket, seier Endresen.

– Målet er sjølvsagt at det skal bli endå tryggare å vere pasient, legg han til.

Meir enn fysiske møte

Møteplass Møre og Romsdal er meir enn dei fysiske møta. Det er laga eit dokument som har fått namnet «Retningslinjer for samarbeid mellom fastleger og sjukehus» og det er ei skriftleggjering av korleis ein fordeler oppgåvene. Dokumentet sikrar god og effektiv samhandling. Når alle veit kven som gjer kva så får ein god pasienttryggleik.

Heile møteplasskonseptet omfattar også eit felles fagråd, fagkurs for legar, dialogmøte med kommunane og eigne møte med kommuneoverlegane.  

– Møteplass Møre og Romsdal handlar om at samhandling ikkje er vanskelegare enn at vi må fordele oppgåvene mellom oss slik at vi oppnår mest mogleg med dei ressursar vi har tilgjengeleg. Samhandling i helsevesenet er oppgåvefordeling mellom behandlarar på sjukehus, behandlarar i kommunane og pasientane for å få til mest mogleg utgreiing og behandling.

Fysiske møte

– På møta i Møteplass Møre og Romsdal blir det diskutert faglege problemstillingar, lokaltilpassa samhandling og forventningar til utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar, fortel Endresen. Ein har ofte kalla desse møta for «Nytt og nyttig møte». 

Fagleg samhandling og relasjonsbygging er nøkkelord.  Sjukehuslegar, fastlegar og Helse Møre og Romsdal HF sine leiarar held faglege innlegg som blir avslutta med ein fagleg diskusjon mellom sjukehuslegar og fastlegar.  Avtalespesialister blir og invitert inn som førelesarar.

Ein har valt å ha to slike møte i kvart lokalsjukehusområde per kalenderår.  Møta blir arrangert på kveldstid og kvart møte er på tre timar + innlagde pausar.

– Det er vi som er praksiskonsulentar som står for førebuing og gjennomføring av desse møta. Fastlegar, kommuneoverlegar, sjukehuslegar og sjukehusleiarar kjem med forslag om tema og problemstillingar som dei ønsker tatt opp i desse møta. Når ein ønsker å ta opp tema på eit slikt møte så er det berre å sende ein e-post til lokal praksiskonsulent med forslag om tema, seier Endresen.

– Dersom drøftingar på møta  fører til endring av samhandlingsrutinar så blir endringane sendt ut skriftleg i etterkant av møta.
 

Møta i 2019 er planlagt på følgjande datoar:

  • Volda  9. april og 15. oktober
  • Ålesund 6. november og 13. november
  • Molde 16. januar og 6. november
  • Kristiansund 3. april og 6. november

Meir om Møteplass Møre og Romsdal finn du her