HELSENORGE
Ein studie av chat-samtaler med barn og ungdom som har foreldre med rusmiddelproblem.

Når lyset knapt slipper inn

Det er dyster lesing fire forskarar har lagt fram i rapporten «Når lyset knapt slipper inn».

Vi må tørre å stille dei vanskelege spørsmåla.

Forskarane fekk tilgang på totalt 2053 anonyme chatlogger frå tenesta BARsnakk.no. Dei valte ut cirka 750 samtaler frå perioden 2010 til 2015. Alle er i alderen 8 til 18 år. 90 prosent av disse kom frå jenter.

Utfordingane står i kø for disse ungdommane. Einsemd og isolasjon, skulevaskar, lav inntekt og fattigdom, psykiske plager og psykososiale og/eller rusmiddelproblem. Kvardagen vert prega av fysisk og psykisk vold, overgrep og omsorgssvikt. Mange opplever å være fanga i sin eige heim, utan at nokon veit kor vanskelig dei har det – og utan moglegheit til å kome seg unna krenkelsar. Dette er historier prega av djup einsemd og isolasjon, skamfølelse og mangel på eigen verdi samt manglande draumar eller håp om et betre liv. Dette skriver forskarane Bente M. Weimand, Elin Kufås, Anne Faugli og Ida Billehaug i rapporten.

Samanliknar med romanar

Forskarane meiner at ein må til skjønnlitterære tekster for å finne liknande brutalitet som dei fann i desse chat-samtalene. Dei samanliknar med romanar frå forfattarar som Tore Renberg (Kompani Orheim) og Knut Ove Knausgård (Min Kamp). Desse forfattarane har fortalt om korleis eigne barndomsopplevingar med en forelder som ruser seg har vore utgangspunkt for romanar kor vold mot barn, skam og einsemd er sentrale tema. Stemninga og følelsane som vert formidla i desse romanane opplever dei å være i slektskap med brutaliteten dei finn i denne studien.

Tørre å stille dei vanskelege spørsmåla

Da NRK Dagsrevyen presenterte studien i byringa av oktober, lovde helsedirektør Bjørn Gulvog handling.

– Vi må sette oss saman og sjå på kva vi kan gjere for hjelpe desse barna. Vi må forsikre oss om at vi tør spørje dei vanskelege spørsmåla til barna som vi er urolige for, og kanskje også barn ein ikkje har mistanke i forhold til, sa Guldvog til NRK.

Chat-tenesta er et tilbod organisasjonen Barn av Rusmisbrukere BAR tilbyr. Den blei oppretta våren 2010. Det vert stilt store krav til chatvertane, mellom anna har dei gjennomgått eit omfattande opplæringsprogram for oppgåva. Fleire av dei har også eigenerfaring frå situasjonar ungdomane fortel om.

Viktige chatvertar.

Chatvertane formidlar at det er viktig for dei å lytte nøye og være konkrete til stade, bekrefte tydeleg for den som chatter at borna sine opplevingar er sanne, og at det ikkje er deira feil eller skyld. Dei ynskjer å bidra til å ta vekk ansvaret for situasjonen frå barnet eller ungdommen. De ynsker at den samtalen dei har med den enkelte kan bidra til at dagen blir litt betre for vedkommande, skriver forskarane i rapporten.

Ser forskarane ingen lyspunkt?

Muligheitene til anonymt å møte vaksne med eigne, liknande erfaringar ser ut til å ha stor betyding for barna og ungdommane som logger seg på tenesta. Chatvertane sin innsats med å lytte, bekrefte, være tilstade og vise veg mot andre og betre muligheiter, synes å ha svært stor betyding. Chatvertane bidrar med å anerkjenne og akseptere den alvorlege situasjonen barna er i, samtidig som dei viser barna kva kraft dei har som har heldt ut og meistra situasjonen så langt, og hjelper dei til å sjå korleis dei kan bruke denne krafta til å hjelpe seg sjølv vidare. Dette kan være ein nøkkel til korleis hjelparar kan nå inn til barn og unge i liknande situasjonar, skriver forskarane.

Kjelde
Barsnakk
«Når lyset knapt slipper inn»