Ny film om palliativ plan

Arbeidet med å ta i bruk palliativ plan i Møre og Romsdal har tatt eitt ny viktig steg i form av ein film kor du kan sjå kva ein palliativ plan er og korleis ein kan bruke dette som verktøy. Filmen er nyttig både for helsepersonell, pasientar og pårørande. Den er nå publisert på web-sidene til Helse Møre og Romsdal HF saman med anna stoff om palliasjon.

Klipp frå filmen

​Arbeidet med å innføre palliativ plan er eit tett samarbeid mellom kommunane og Helse Møre og Romsdal HF fortel prosjektleiar Tanja Alme frå Sula kommune. - Prosjektgruppa har i år gjennomført ei stor kartlegging om bruken av palliativ plan. Resultatet er oppløftande. 80 av 82 sjukepleiarar i kommunen svarte at dei bruker palliativ plan og har god erfaring med dette. Planen blir tilboden til pasientar med kreft, kols, als, demens, hjertesvikt og skrøpelege eldre.

Palliasjon

Ordet palliasjon kan enklast forklarast med lindrande behandling og omsorg fortel Alme, og forsking viser at det å få tilbod om palliasjon tideleg, kan vere med å auke levetid og livskvalitet.

Palliativ plan er eit dokument som skal sikre samhandling, planlegging og tilrettelegging av tiltak, slik at den som er sjuk og familien kan oppleve tryggleik og best mogeleg livskvalitet. Målet er å vere i forkant av ulike utfordringar, bidra til eit meiningsfylt liv og få fram det som pasienten synes er viktig for seg.

Planen er felles for pasienten, pårørande og helsepersonell, og blir til gjennom dialog og førebuande samtalar. Den skal følgje pasienten der han eller ho er, om det er heime, på institusjon eller på sjukehus. Nokre har planen over fleire år, andre har den i ei kortare periode.

Workshop

Alme fortel at det neste store som skjer over sommaren er ein workshop for å drøfte bruk av palliativ plan for den eldre multisjuke pasient. Det skjer torsdag 5.september på Vestnes. Målet for samlinga å drøfte kva vi kan samarbeide om, kva som er felles og korleis vi best understøttar planar med utgangspunkt i pasienten sin tilstand og ynskjer. Du kan lese meir om workshopen her:

Workshop for å drøfte bruk av palliativ plan for den eldre multisjuke pasient


Nasjonal merksemd

- Filmen vil etter kvart komme oppdelt i mindre snuttar i eit E-læringsprogram seier Alme. – Då vert filmen fin å bruke til internundervisning.

- Vi ser at arbeidet til Møre og Romsdal har fått stor nasjonal merksemd. Fleire kommunar og fylke rundt i landet er i gang med å innføre etter oppskrift frå oss. Men vi akter ikkje å kvile på laurbæra, men held fram med å utvikle og spreie arbeidet med palliativ plan.

Film om palliativ plan