Betre samarbeid mellon rus og psykisk helse

Kommune- og spesialisthelsetenesta er godt i gang  med å videreutvikle det faglege samarbeidet innanfor fagområdet rus og psykisk helse

 

Rus og psykisk helse er prioritert

Eit av dei fagområda som er eit satsningsområde for Helse Møre og Romsdal er  rus og psykisk helse – med fokus på pasientar med krevjande og langvarig sjukdomsforløp.

– Rus og psykisk helse representerer to fagområde, men det er nødvendvig  å sjå desse fagområda i samanheng, i sær når det gjeld utvikling av framtidsretta tenestilbod. Dette mellom anna fordi både erfaringar og forskninga viser at det klare fleirtallet av pasientar med rusproblem, også har betydelige psykiske vanskar, forklarar samhandlingssjef Britt Valderhaug Tyrholm.

Frå plan til handling

For å lukkast med dette har spesialist- og kommunehelsetenesta blitt einige om følgande metode:

  • Det må utarbeidast pasientforløp for dei pasientar som blir «kasteballar» mellom rus og psykiatri

  • Leiarforankring i kommune og i spesialisthelsetenesta, òg mellom dei ulike samhandlingsaktørane på leiarnivå

  • Behov for tydeleggjering av kva tilbod dei enkelte tenestestadar har, gjennom enkel informasjon tilgjengeleg for alle

  • Tilgangen til tilboda i dei ambulerande teama som spesialisthelsetenesta har, må vere meir tilgjengelig for kommunehelsetenesta. Det er vanskeleg å ha oversikt over kva som kan vere rett team, både fagleg og organisatorisk.

Samhandling er nøkkelen

-God samhandling er avgjerande, meiner Jo Volle, seksjonsleiar for DPS Sunnmøre. Moderne organisasjonar er ofte ganske effektive kvar for seg; høve til forbetring finn ein som regel i samhandlingsrommet mellom einingane.  Når vi møtes på workshop får vi sett oss sjølv utanfrå. Eg meiner at det må investerast meir i utadretta samarbeid, hverken kommuna eller spesialisthelsetenesta klarer oppgåvene åleine, seier Volle.  Ved å sjå på korleis vi skal samhandle, legg ein rammene for framtidas helsevesen.

Volda kommune vart invitert med for å legge fram nokre utfordringar frå det kommunale ROP-arbeidet (rus og psykiske lidingar)


- Vi er innstilt på å bidra vidare for å utvikle gode samhandlingsstrategiar og håper dette arbeidet blir prioritert framover, seier Geir Sæther frå Volda kommune. Kommunene har fått, og tar, eit stort ansvar for menneske med ROP – problem. I det vidare samarbeidet vil Volda kommune jobbe mot å få mest og best hjelp der kommuna treng det mest.

-Formålet med det innleiiande samarbeidet var å få oversikt over dagens samhandlingsrutiner innan desse fagområda. Vi ønska også å få ei oversikt over kva innsatsområder som er utfordrande og kva som fungerar godt i dag. Slik oversikt har vi no fått.

Arbeidet vil fortsette med at fagfolk, både i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta, skal møtast og bli samde om kva oppgåver som skal prioriterast i det pågåande forbetringsarbeidet, seier Britt Valderhaug Tyrholm.

Gode møteplassar der utfordringar og  løysingar kan finne kvarandre, vil kunne bidra til endå betre samhandling, avsluttar samhandlingssjefen.

Det er nedsatt ei arbeidsgruppe som skal tilrå ein samhandlingsstrategi for pasientar med rusrelaterte og psykiske helseplager på tvers av klinikker og på tvers av behandlingsnivå, herunder medvirke til kunnskap om hverandre, lederforankring og å sikre gode overganger i og mellom primær- og spesialisthelsetjenesten.