Over fem veker har allmennlegar vore med på det kliniske emnekurset, som er teljande for etter- og vidareutdanning for allmennpraktikarar. Kristiansund sjukehus har dei seinare åra satsa tungt på utvikling av det ortopediske fagmiljøet og stilte med eigne føredragshaldarar samt ein avdelingssjef i ortopedi frå St. Olavs Hospital. Eit slikt emnekurs har ikkje eksistert i dette geografiske området tidlegare, og har vore oppfatta som eit ønske både frå sjukehuslegar og allmennlegar.
Fleire pasientar gjennom systemet
– Vi ønskjer å bidra til tettare samarbeid, og håper kurset og diskusjonane undervegs kan bidra til å betre flyten mellom primærhelsetenesta og sjukehuset, seier Kirsti Sevaldsen, overlege i ortopedi ved Kristiansund sjukehus. Det kan til dømes vere at betre tilvisingar gjer at fleire pasientar går rett til operasjon, eller at fleire ortopediske kontrollar kan gjerast i primærhelsetenesta.
– Dermed blir det betre kapasitet på poliklinikken på sjukehuset, og vi får utnytta helseressursane betre, seier Sevaldsen.
– Lærerikt
Kurset var ei god erfaring, og lærerikt både for ortopedane og fastlegane, meiner Kenneth Swan. Han er fastlege i Kristiansund og har også ei bistilling som praksiskonsulent i Helse Møre og Romsdal, med fokus på betre samarbeid mellom allmennlegane og sjukehusa.
– Sentrale ledd- og rygglidingar vart formidla godt fagleg og på eit forståelig nivå, og det var lett å kome i dialog. Vi fekk eit godt innblikk i kva som blir vektlagt i vurdering av symptom og ortopediske plagar, og kva som er sentralt i oppfølginga. Det kom også forslag frå fastlegane som kan føre dei arbeidsføre pasientane raskare tilbake til jobb ved å endre sjukemeldingsrutinane i spesialisthelsetenesta, seier Swan. Han meiner at emnekurset vart eit sentralt møtepunkt for samhandling og å utvikle relasjonane vidare.
– Eg trur at for fleire av fastlegane vart terskelen lågare for å ta opp telefonrøret i framtida, spesielt når ein kjenner til kva for hyggelege og fagsterke personar som er i andre enden, seier Swan.