Innføring av palliativ plan i Møre og Romsdal

Handlingsplan for innføring av palliativ plan i Møre og Romsdal er klar for gjennomføring!

​Med mål om å bidra til at pasientar og brukarar med inkurabel sjukdom får best mulig livskvalitet, er det utvikla eit felles verkty gjennom palliativ plan i Møre og Romsdal. Ressursgruppe for palliativ plan har utarbeida ein felles mal for palliativ plan, der målsetjinga er å starte implementeringsarbeidet frå januar 2017.

Handlingsplan for innføring av palliativ plan vart godkjent av Overordna samhandlingsutval i møte 22. november.
Saksdokument med oppsumering av høyringsinnspel kan lesast her.

Handlingsplan, mal for palliativ plan og brosjyre finn de under samhandlingsstrategi og kan lesast  her.