Oppsummering etter dialogmøtet 2016

I overkant av 100 deltakarar deltok på årets dialogmøte som vart arrangert 31. oktober i Molde. Formål med dialogmøtet er informasjonsutveksling og drøfting av prinsipielle saker knytt til samhandling. Målgruppa er representantar frå politisk og administrativ leiing i kommunar og føretak i fylket og brukarutval.

​I møtet var det presentasjon av sentrale føringar, der ein stilte spørsmål til om mål om pasienten si helseteneste vert nådd og kva krav som vert stilt til spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Strategi og utvikling i helseføretaket vart presentert og deltakarane fekk innblikk i arbeidet med dei prioriterte fagområda rus- og psykisk helse, kronikarforløp somatikk og helsetenester til barn og unge.

Sjå program og presentasjonar her

Oppsummering etter dialogmøtet - Kva må rettast merksemd mot i 2017?