Saman om eit tverrfagleg Barneblikk

- Utrolig spanende å ha ein tverrfagleg møtestad med ulik fagkunnskapar, men med felles mål, sa ein av deltakarane i Kristiansund på samlinga der ein skulle finne løysingar på korleis ein saman kan skape Barneblikk.

Kafedialog. Intenst arbeid

​Barneblikk er satsinga i Møre og Romsdal for å etablere laveterskeltilbod til barn, gravide og småbarnsforeldre kor rus eller psykiske vanskar skapar problem. 4.mai og 8.mai var det dialogkonferansar i Molde og Kristiansund for å jobbe med kva eit slikt laveterskeltilbod skal være. Ålesund hadde sitt møte i desember 2016.

Tverrfagleg

50 personer frå sjukehus, kommune og brukarorganisasjonar deltok på kvar plass og diskusjonen og entusiasmen var stor. Deltakarane var tilsette frå både tenestar for vaksne og tenester for born i helseføretaket, kommunane, Kriminalomsorga, organisasjonar og andre samarbeidspartnarar.

Kartlegging

På førehand var det gjort ei kartlegging over kva tilbod som finns og kva ein ser som utfordringar. Tilboda er mange alt i dag, men dei er ikkje så godt kjent. Å få til godt samarbeid, tillit til kvarandre og fellers rutinar var noko av det ein kom fram til som sentralt. Samtidig pekte de fleste på fordelen med å samarbeide om kompetaseheving.

Oppdrag frå Helse og omsorgsdepartementet

Mette Grytten er koordinator for satsinga i Møre og Romsdal og kan fortelje at Helse og omsorgsdepartementet har gitt alle helseføretaket oppdrag om å etablere slike laveterskeltilbod. I Møre og Romsdal skal tiltaka ha solid forankring i kommunane og satsinga skal inkludere klinikkar og kommunale tenester som møter målgruppa. I forarbeidet kom det fram at ein del av målgruppa ikkje vert fanga opp tidlig nok i eksisterande tilbod. Laveterskeltilboda skal bidra til at fleire born får hjelp på eit tidligare tidspunkt og familiane skal få betre koordinert og langsiktig hjelp med sine utfordringar.

Samarbeid

Å bygge slike tilbod er noko ein berre kan få til i lag. Her må spesialisthelsetenesta, kommunane og brukarorganisasjonane jobbe saman. Nokre fagfolk trakk fram at det ofte var vanskelig å få gravide og foreldre med problem i tale, medan representantar frå brukarorganisasjonane hadde den motsette opplevinga. Ein representant frå AA sa at når han var i samtale med ein alkoholikar så tok det ikkje lang tid før historiene kom fossande. Denne ulikheita vert nytta i samarbeid mellom kommunenes sine tenester og brukarorganisasjonen.

Vegen vidare

Neste steg i Molde og Kristiansund er å etablere lokale grupper som skal jobbe konkret med utforminga av laveterskeltilbodet.  I Ålesund er den lokale gruppa etablert og i ferd med å starte opp arbeidet. Til no har nærare 200 personar frå Ålesund, Molde og Kristiansund deltatt i arbeidet.