Samhandlingskonferansen Møre og Romsdal 2016

Velkomen til Samhandlingskonferansen 1. november 2016

 

 

Er du oppteken av å betre samhandlinga gjennom gode samarbeidstiltak og arbeid med pasientforløp mellom kommunehelsetenesta og helseføretaket? Slik du erfarar samhandlinga, er vi på rett veg?

Samhandlingskonferansen 2016 set spørsmål ved dette. Formålet med denne konferansen er å synleggjere ei ønska fagleg utvikling innan prioriterte fagområde. Det er resultatet av partssamansett og målretta arbeid som blir presentert og diskutert på årets konferanse.
Partssamansette grupper har utarbeida og formulert konkrete tiltak for å styrkje samhandlinga innafor og på tvers av tenestenivå når det gjeld rus og psykisk helse, palliativ plan og pasientforløp for den eldre multisjuke pasient.

Velkomen til ein engasjerande og viktig konferanse som skal medverke til ei samstemt og fagleg retning for samhandlinga, for å utvikle pasienten sitt helsevesen i Møre og Romsdal.


 

Meir informasjon om samhandlingskonferansen og påmelding