Større ansvar i pasientbehandlinga

Dei fleste kommunane har etablert augeblikkeleg døgntilbud. Å få på plass dette i alle kommunar er fortsatt eit sentralt tema i samhandlingsreforma.

 

​Samhandlingsavdelinga i helseføretaket arrangerte for nokre veker sidan ei samling for leiarar og tilsette i helse- og omsorgstenesta i kommunane i Møre og Romsdal. I tillegg var det mogleg for seksjonsleiarar og avdelingssjefar i helseføretaket å delta. Hensikta var å dele erfaringar med drift av ulike typer ØHD-tilbod i fylket.

Formålet med tilbodet er at kommuna skal kunne ta eit større ansvar i pasientbehandlinga og at pasientar skal få fleire helsetenestar nærare der dei bur. Tilbodet skal vere etablert i alle kommunar i løpet av 2016.

Praksiskonsulent Stian Endresen og samhandlingssjef Britt Valderhaug Tyrholm har laga ei oppsummering av møtet:

Alle kommunar i 2016

Kommunalt augeblikkeleg døgntilbud (ØHD/KAD) er eit tilbod  som skal vere innført i alle kommunar frå 2016. Dette er eit av virkemidla i samhandlingsreforma for å sikre at pasientar skal få helsetenestar nærare der dei bur.  Det skal vere med på å flytte pasientbehandlinga frå spesialisthelsetenesta til kommunehelsetenesta.

Per i dag er tilbodet etablert som ei interkommunal ordning i Kristiansund og Molde saman med tre av dei næraste nabokommunane. Ålesund planlegg oppstart av eit tilsvarende tilbod med åtte nabokommunar. Til saman er det etablert ØHD-tilbod i 27 av 36 kommunar. Når ordninga er fullt utbygd, vil det vere 44 senger fordelt på 20 ulike tilbod.

Bedre enn, eller like god

ØHD-plassane skal vere betre enn, eller like gode som tilbodet som gis i spesialisthelsetenesta. Det blei poengtert at ein aldri vil kunne gi eit like spesialisert tilbod som pasienten ville kunne få på sjukehus.  Men det blir gitt både eit tverrfagleg tilbod og eit mer heilhetleg tilbod som følge av tilgang til primærhelsejournal som er til hjelp for å kunne analysere korleis helsesituasjonen har endra seg. Ein har også fordelar når pasienten skal følgjast opp i eigen heim etter opphaldet. 

Korleis lukkast med ØHD-tilbodet i Møre og Romsdal?

Ein må sikre at vi har god dialog og samhandling mellom alle involverte partar - det omfattar både brukarar, spesialisthelseteneste og kommunehelseteneste. Ein må sikre at alle partar opplever eigarskap til tilbodet. Ein må legge til rette for samhandling og dialog i form av felles møtearenaer. Viktige tema på disse møtearenaene er felles forståing for inklusjons – og eksklusjonskriteriar for å bli innlagt på ØHD.  Sjukepleiarkompetansen og nok legeressursar  er nøkkelkriterium til suksess. Det er viktig at lokalsjukehusa tar imot sjukepleiarar fra ØHD til hospitering som eit ledd i kompetanseutvikling for tilsette som har ansvar for drifta av ØHD-tilbudet.

Økonomi

I innfasingsperioda frå 2012 til 2015 har Helse Møre og Romsdal finansiert halvparten av utgiftane til ordninga og Helsedirektoratet den resterande halvparten. Frå 1. januar 2016 får kommunane tilskotet direkte i sine rammeoverføringer.

I 2015 har Helse Møre og Romsdal HF satt av totalt 33 millioner kronar som tilskot til etablering og drift av tilbodet.

Erfaringar

Forskningsrådgjevar/professor Marit Kvangarsnes ved FOU- seksjonen og klinikksjef Torstein Hole ved medisinsk klinikk, begge frå helseforetaket, presenterte forskningsarbeidet som dei har gjennomført ved ØHD–tilbodet i  seks kommunar på Sunnmøre. Det ble også peikt på at ØHD-tilbodet er ”nybrottsarbeid” og at ein har lite tidligare erfaringer å støtte seg på.  Oppsummert blei det formidla at etablering av ØHD i den enkelte kommune oppfyller viktige intensjonar i samhandlingsreforma om at pasientar skal få behandling lokalt og nærare der dei bur.  Artikkelen ble nyleg publisert i Tidsskriftet. Les artikkelen her og omtale av artikkelen i lederen her .

Seniorrådgjevar ved samhandlingsavdelinga i Helse Midt Noreg, Svanhild Jenssen, peikte på at ØHD er ein viktig del av det totale helsetilbodet i Midt Noreg. Ein har ulike modellar fordi behova er ulike alt etter lokalisering av tilbodet i dei ulike kommunane med hensyn til reiseavstand til sjukehusa. Ho oppfordra både kommunane og spesialisthelsetenesta til å bruke tid.  ØHD er ein kommunal oppgave og det er kommunane som har ansvar for å sikre god kvalitet på tenesta. Ho framheva kor viktig det er å ha eit tett samarbeid med spesialisthelsetenesta. Fleire andre peikte på at det er klare eksklusjonskriterium for pasientar som ikkje skal til ØHD.

Tema for neste ØHD-konferanse?

I 2017 blir det truleg arrangert ein fylkeskonferanse. Det ble peikt på kor viktig FOU-arbeidet er innanfor ØHD og ein håper at ein ved neste konferanse har tall og analyser av pasientane  som legges inn ved ØHD, korleis spesialisthelsetenesta brukar ØHD, og kva slags konsekvensar det har for pasientar som overføres fra ØHD til sjukehus.