Tverrfagleg workshop med pasientforløp i sentrum

Nyleg var ulike aktørar frå begge nivåa samla til workshop i Ålesund. Professor Anders Grimsmo innleia dagen med foredraget
"Det optimale samarbeidet om pasienten"

 

Engasjerte deltakarar

Samhandlingsavdelinga  ønskjer å gje innspel og inspirasjon til forbetring av det samarbeidet som allereie går føre seg i dag.

-Målet er at pasienten skal oppleve eitt helsevesen uansett om tenestene vert gitt i kommunehelsetenesta eller i helseføretaket, seier Britt Valderhaug Tyrholm. Felles forståing, felles møteplassar og å arbeide med kulturforskjellane var noko av det som vart trekt fram.

Det  oppstarta arbeidet blir videreført gjennom eit parsamansatt utvalg, der formålet er å utvikle  gode og heilheitlege pasientforløp - som og skildrar overgangen mellom kommune- og spesialisthelsetenesta. Dette for å  sikre at pasienter opplever god kvalitet og samhandling  i tenestene. -Arbeidet er godt i gang, avsluttar samhandlingssjefen.