Palliasjon til hjartesviktpasienten

Onsdag 13.mars var det fagdag ved Ålesund sjukehus om palliasjon til hjartesviktpasientar. Det var fullt hus og mange fekk ikkje plass på fagdagen. Det kom folk heilt frå Levanger for å delta og det var stor entusiasme om eit alvorleg og viktig tema.

Fullt hus på fagdagen

​Ein telefon

- Ein leiar frå primærhelsetenesta tok kontakt med meg på hjartesviktpoliklinikken. På hennar avdeling hadde dei opplevd fleire tilfelle der hjartesviktpasientar ikkje hadde fått så god avslutning på livet som dei tilsette ynskte å gi fortalte Anne Grethe Vågen under opninga på fagdagen. – Dette gjorde inntrykk på meg, og eg lova å arbeide for at palliasjon for hjartesviktpasientane skal bli betre.

- Som leiar i lokalgruppa for NSF-LKS i Møre og Romsdal har eg og styret tatt tak og har fått med oss mange positive fagpersonar som vil stille opp for å lage ein fagdag om dette viktige emnet.

Palliasjon

Palliasjon er aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar med ulækjeleg  sjukdom. Lindring av smerter og andre plagsam symptom står sentralt. Tiltak retta mot psykiske, sosiale og åndelige/eksistensielle problem er ein viktig del av arbeidet. Målet med all behandling, pleie og omsorg er best mogleg livskvalitet for pasienten og dei pårørande. Palliativ behandling og omsorg korkje framskundar døden eller forlenger sjølve prosessen, men ser på døden som ein del av livet.

I Møre og Romsdal er ein kome langt når det gjeld palliativ behandling for kreftpasientar. Ein tar i stor grad i bruk palliativ plan og det gjer at alle involverte veit kva dei skal gjere. For hjartesviktpasientar har ein ikkje kome så langt og fagdagen kan sjåast på som faglig påfyll og inspirasjon til å arbeide vidare.

Samhandling er viktig. Praksiskonsulent Stian Endresen og leiar i NSF-LKS, Møre og Romsdal Anne Grethe Vågen

Samhandling er viktig. Praksiskonsulent Stian Endresen og leiar i NSF-LKS, Møre og Romsdal Anne Grethe Vågen

Programmet

Programmet starta med eit sterkt brukarinnlegg som fortalte om utfordringa som pårørande står i. Vidare var det innlegg om hjartesvikt, hjartepoliklinikken og om korleis helseføretaket arbeidar med palliasjon.

Kreftsjukepleiar ved palliativt team i Volda, Aina Rangsæter, fortale omkring sitt arbeid og korleis samarbeide med andre aktørar. Tverrfaglig tilnærming står sentralt og palliativt team skal vere bindeledd mellom 1 og 2 lineteneste og bidra til at begge nivåa får kompetanseheving.

Samarbeidet skal føre til at pasienten får være heime eller så nært heime som mogleg og så lenge som råd. God lindring krev god planlegging og det er viktig å få avklart kva pasienten og dei pårørande treng hjelp til og kva som er viktig for dei. Sentralt for å få til godt samarbeid mellom helsepersonell, ulike fagpersonar og mellom nivåa er å lage ein palliativ plan.

Tanja Alme, som er prosjektleiar for palliativ plan i Møre og Romsdal, fortalte meir om kva ein palliativ plan er og korleis ein lager ein slik. Medan praksiskonsulent og fastlege Stian Endresen peikte på kva utfordringar ein står i, behovet for ansvarsfordeling mellom nivå og korleis ein kan jobbe saman vidare om betre palliativt arbeid for hjartesviktpasientar.

Vegen vidare

- Det som slo meg var kor stor kompetanse det er i mange kommunar når det gjeld palliasjon avsluttar Vågen. – Mange har vidareutdanning i palliasjon og det er viktig at ein framover held fram med å utveksle kompetanse. Denne fagdagen var ein god start på vidare samarbeid.

Link til palliativ plan sine websider