Praksiskonsulentar

Praksiskonsulentordninga (PKO) har som mål å styrke samarbeidet mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.

Kontakt praksiskonsulentane

Nordre Sunnmøre

Sindre Klokk
Telefon: 918 77 233

Søre Sunnmøre

Stian Endresen
Telefon: 416 34 604 

Romsdal

Håvard Jendem
Telefon: 977 59 899

Nordmøre

Andreas Nybrott Hals
Telefon: 970 08 750

Helsetenester for  barn og unge

Marianne Rønneberg

Om praksiskonsulentordninga

Praksiskonsulentane medverkar til auka samhandling mellom allmennleger og sjukehusleger. Hovudoppgåva er å betre samarbeidet mellom legar i kommunehelsetenesta og legar i sjukehus innafor tema knytt til  diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar.

Praksiskonsulentane  arbeider mellom anna med forbetring av tilvisingar og epikriser og for å styrke heilheita i pasientforløpa. Praksiskonsulentane har både spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta som sin arbeidsarena.  Konsulentane får innspel både frå leiing og legar i sjukehus og kommunar om samarbeidsutfordringer som kan oppstå  mellom fastleger og legar i sjukehus. Ei særleg viktig oppgåve er å arrangere faglege møteplassar for legane i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta slik at ein har muligheit å møtes for å presentere og diskutere ulike faglege spørsmål, eksempelvis  knytt til utvikling i pasientbehandling og digital kommunikasjon.

Praksiskonsulentordninga (PKO) utgjer ei 90 % stilling i Møre og Romsdal og omfattar fem legar i brøkstillingar. Kommunane i Møre og Romsdal med på å delfinansierar ordninga.

Retningslinjer for samarbeid mellom fastleger og sykehus

Dokumentet er utarbeida i samarbeid mellom klinikkane , 3 kommuneoverlegar og praksiskonsulentane som representant for fastlegene i dei 4 ulike lokalsjukehusområda.  Målet med dokumentet er å ha ein skriftlig rettleiar for oppgåvefordeling mellom behandlarar på sjukehus, behandlarar i kommunane og pasientane . Ein har vidareført eit mangeårig godt samarbeid,  men mellom anna av pasientsikkerheitsgrunner har ein sett behovet for å gjøre denne oppgåvefordelinga skriftlig.  Dokumentet har vore ute på høring i alle klinikkar og i kommunane. Overordna samhandlingsutval fekk dokumentet til handsaming tysdag 27. november 2018 . 

Dei fatta føljande vedtak «Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal ønskjer at behandlarar i Møre og Romsdal skal følgje de anbefalingar som gis i ”Møteplass Møre og Romsdal”. 


Retningslinjer for samarbeid mellom fastleger og sykehus.pdf



Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.