Føre-var-prinsippet
Konsensuspanelet legg til grunn at føre-var-prinsippet skal verte vektlagd i større grad enn det dagens retningslinje gjer. Dette fordi det er mogleg at metadon og buprenorfin kan gi skade på fosteret. Det er særleg tre forhold kor dette vil få konsekvensar for kva råd kvinner i LAR i fertil alder eller som er gravide får.
- Konsensuspanelet konkluderer med at anbefalinga om bruk av LAR legemiddelet bør endras:
Frå noverande retningslinje: Metadon eller buprenorfin bør halde fram under graviditeten. Anbefalinga bør være: Metadon eller buprenorfin kan halde fram under graviditeten. - Konsensuspanelet meiner vidare at nedtrapping ikkje bør avgrensast til å finne stad mellom uke 14 og 32 i svangerskapet slik det vert anbefalt i retningslinja i dag.
- Konsensuspanelet vurderer at buprenorfin er det legemiddelet som er å føretrekke dersom LAR-medikament skal halde fram under graviditet.
Inntil det ligg føre ein revidert retningslinje, ber Helsedirektoratet om at behandlingsansvarlig framover vektlegg føre-var prinsippet i tråd med slik konsensuspanelet anbefaler. Det vil være ei individuell vurdering basert på kvinna sin situasjon og ønske, om det er mogleg å trappe ned og på kva måte det skal skje.
Anbefaling om nedtrapping finnast i den eksisterande retningslinja.Ein må unngå at kvinnene får tilbakefall og på den måten utsetter fosteret og seg sjølv for alvorleg risiko.
Informasjon til kvinner i LAR
Dialogen med kvinna er avgjørande for å få til trygg nedtrapping. Kvinna har rett til å være med å bestemme når ulike val i behandlinga vert tatt og informasjon og rettleiing må tilpassast den enkelte.
I tråd med konsensuspanelet anbefaler Helsedirektoratet at det vert gitt informasjon om fordelar og ulemper med LAR-legemidlar og konsekvensar av inntak av illegale rusmidel, ikkje forskreve legemidlar, alkohol og tobakk på barnet si helse. Denne informasjonen bør gis både når graviditet er ønska og ved nedtrapping av LAR-legemiddel.
Prevensjon med lang virketid
Vidare konkluderer konsensuspanelet med at fertile kvinner ved start av LAR bør verte anbefalt å bruke reversibel prevensjon med lang virketid, i alle fall til dei er i stabil fase. Konsensuspanelet gjer også ein juridisk og etisk drøfting av dette spørsmålet i rapporten.
Dagens retningslinje anbefaler at kvinner i fertil alder bruker prevensjon ved start av LAR og slår fast at hormonspiral bør være det anbefalte middelet. Konsensuspanelet anbefaler at legen bør sikre at kvinna står på prevensjon med lang virketid før start av LAR. Samtidig kan det ikkje stillast som eit absolutt krav for å starte opp LAR.
KONSENSUSPANELET VEDRØRENDE LEGEMIDDELASSISTERT REHABILITERING (LAR) UNDER SVANGERSKAPET
Kjelde: Helsedirektoratet