Et individuelt tilpasset kommunalt helsetilbud kan være et like godt eller bedre alternativ til behandling i sykehus
Fra prosjektplan ROR - Rett pasient på rett sted (2023)
Prosjektet "fra floskel til handling, rett pasient på rett sted" er eit samarbeidsprosjekt mellom ROR-kommunane Aukra, Hustadvika, Molde, Rauma, Vestnes og Helse Møre og Romsdal. Dette er også ein del av samarbeidsprosjekta i Helsefellesskap Møre og Romsdal.

Frå v. Bardo Driller, Overlege og leiar i delprosjekt PSHT Molde, seksjon for Kreftbehandling og palliasjon Nordmøre og Romsdal, Tone M. Vestad prosjektleiar Fra floskel til handling, Oddbjørn Tomren tidligare avdelingssjef HMR og Jan Erik Hovdenak kommunalsjef drift, Aukra kommune samla i 2022.
Prosjektleiar Tone M. Vestad oppsummerer status for prosjektet halvanna år etter oppstarten:
- Prosjektet er no godt forankra i alle ROR-kommunane.
- Alle tilsette i pleie og omsorg i desse kommunane har fått tilbod om undervisning i bruk av forhåndssamtaler og palliativ plan.
- Molde kommune har spelt inn undervisningsfilmar i eige smart-studio, som ein no får nytta i prosjektet. Dette bidreg til opplæring i forhåndssamtaler og palliativ plan til mellom anna nytilsette i alle ROR-kommunane.
- Prosjektet har hatt undervisning ved Høgskolen i Molde for sjukepleie- og verneplestudentar.
- Det har vore arrangert fagdag om forhåndssamtaler og palliativ plan for helsefagelever vg2 ved Hustadvika og Romsdal videregående skole i samarbeid med kreftkoordinator og diakon.
- Det jobbast tett saman med kreft– og palliasjonskoordinatorar i alle ROR-kommunane.
- Prosjektleiar er med i ressursgruppa for Palliativ plan Møre og Romsdal.
- Ressursgruppa for palliativ plan arbeider med ein rettleiar for bruk av palliativ plan i Helseplattformen.
- Den reviderte pasient- og pårørandebrosjyra vert godt tatt imot, og er no i bruk i heile Møre og Romsdal. Les meir om Palliativ plan ved å klikke på boksa nedst på sida.
- Samarbeid og samhandling med spesialisthelsetenesten via arbeidsgruppa og overlege Bardo Driller.
- Vi ser av våre eigne uformelle kartleggingar i bruk av forhåndssamtaler og palliativ plan, at bruken har auka i alle ROR-kommunane etter prosjektoppstart.
- Det planleggast no informasjon og dialog med innbyggarane i ROR-kommunane utover hausten 2023, der ein vil presentere og forklare innhaldet i forhåndssamtaler og palliativ plan.
- Delprosjektet “Hospitering på tvers av tjenestenivåer” vart gjennomført som planlagt i 2022, med tilbakemelding frå deltakarane om at dette var eit nyttig og lærerikt samhandlingsprosjekt. Senter for omsorgsforskning har fulgt opp prosjektet, og skal utarbeide ein modell for hospitering.
- PSHT (Pasientsentrert helsetjenesteteam) ble ikkje viderført i 2023, då ein ikkje fekk nye midlar til dette.