Prosjekt - Hjemmemonitorering av pasienter med pacemaker/ICD

​Dette er eit prosjekt for å vidareutvikle den jobbglidninga som vi alt har starta i høve til kontroll av pacemakerar. Sjukepleiar overtek konkrete kontrollar utifrå gjevne retningsliner og innanfor faste rammer.

 

​For pasienten vil det gje større tryggleik med direkte linje til kvalifisert personale som raskt kan sjå om det ubehaget pasienten har er grunna i hjarterytmeforstyrringar som treng rask avklaring ved oppmøte på poliklinikk eller ved innlegging.

For pasientane vil det og bety mindre tid knytt til sjukdom, dette mellom anna ved færre reiser til sjukehus.

Bakgrunn

 Med prosjektet ønsker ein å organisere eit kvalitetsikra opplegg for heimemonitorering av pasientar med pacemaker og ICD (også kalt hjertestartar/defibrillator)

Formål

 Formål med prosjektet er oppstart/videreføring av heimemonitorering av pasientar med pacemaker/CRT/ICD. Sjukepleiar tar ansvar for dataflyt og logistikk. Heimemonitorering vil frigjere legeressursar til andre oppgåver. Tenesten vil flyttast nærare pasienten, som unngår mange og kanskje lange reiser til sjukehuset. Eldre på sjukeheim, eller lite mobile pasientar kan redusere antall polikliniske kontrollar. I tillegg vil dette auke pasientsikkerheita ved at problem fangast opp tidlegare, spesielt for pasientar med ICD. Automatisk overførsel ved henvendelser gir auka sikkerheit. Dei har også moglegheit for å ringe poliklinikken, dersom dei har kjent eller har mistanke om dei har hatt rytmeforstyrrelser. Ein kan då sjekke om det er registrert rytmeforstyllelser, utan at pasienten treng å møte på poliklinikken. Dette auker sikkerheit og tryggheit for pasientane og dei spares for ein del reiser.