HELSENORGE

Vel møtt til nytt lunsjwebinar

Tysdag 14. mars kl. 11.00 er alle som har interesse av læring og helsekompetanse for brukarar, pasientar og pårørande velkomne til å delta på webinar. Teamet er "Teach back" ei pedagogisk metode som skal sikre at pasientar og pårørande oppfattar og forstår informasjon som vert gitt.

Bilete frå helseped.kurs HMR

Meld deg på allereie i dag for lunsjwebinar tysdag 14. mars 2023 mellom kl. 11.00 - 11.45. 

På webinaret 14. mars snakkar spesialrådgivarar i Kompetanseenhet for pasient- og pårørendeopplæring ved Sørlandet sykehus, Hildegunn Edløy Holstvoll og Ingun Benno Petterson, om metoden Teach back. 

Vel møtt til eit inspirerande lunsjwebinar!

Det vert også moglegheit for å stille skriftlege spørsmål undervegs i chat. Webinaret er gratis og opent for alle.

​Informasjon og påmeldingslenke på mestring.no


Ver merksam på at e-post med stadfesting og deltakarlenke kan havne i søppelpost. 

Webinara er basert på eit samarbeid mellom dei fire helseregionane (Helse Vest, Helse Nord, Helse Sør-Øst og Helse Midt) og Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH).​

Samla oversikt over webinar om læring- og meistring